Turist i eige fylke…..

January 30, 2007 at 10:01 pm (Uncategorized)

….det er meg det.Eller deltakar på seminar heiter det og:-) Har teke Flåmsbana i gråver med snøkave på Myrdal i dag, og det var no og ein slags opplevelse. Skottane meinte det minna om Narnia og sprang frå side til side i toget, medan eg tykte det likna meir på Aurland-Hol i litt ruskite ver, og sat i ro på setet mitt. Men tykte det var desto betre med svært kortreist mat på Holo høgdegard. jammen kan ein lage mykje godt av litt mjølk og eit lam eller 5………

Permalink Leave a Comment

meira nansen

January 27, 2007 at 5:26 pm (kjekke samojedhundane i bukve)

Legg ut eit bilete av mor og nokre av syskena til Nansen. Dei var fine alle i hop! Igår var Jostein og Nansen ute og blei kalde og blaute i snøen. Då var ein liten turk og varm i handkle nødvendig.I natt etter kafeen var Bitte innom og helsa på, og i dag var mamma og papppa her.

nansensosken2.jpg       kaldnansen1.jpg        bittehund.jpg

Permalink 1 Comment

nansen

January 26, 2007 at 8:45 pm (kjekke samojedhundane i bukve)

nansenjost-og-jolle.jpg                    

Nansen har funne seg til rette i Bukve i dag. Han har vore med Jølle i hundegarden og funne ut at Jølle er ein kul fyr. Jostein har lært han å måke snø.

Permalink 1 Comment

Nansen

January 26, 2007 at 9:44 am (kjekke samojedhundane i bukve)

i går reiste me til voss og besøkte mari. god mat og bra dart spel!!

Idag har me henta nansen i Tyssedal i Hardanger. der har han budd saman med 6 syskjen, foreldra, og 9 andre tøffe samojed-trekkhundar. Han hadde ingen ting imot å vere med oss til Jostedalen. Han la seg pent og sov då me kjøyrde, og vakna berre for å tisse litt innomellom. Jølle tok vel imot han i bukve, og no set han i fanget til Jostein og kosar seg med datamaskina.  nansen-059.jpg

Permalink Leave a Comment

lauvhaugveka

January 18, 2007 at 11:00 pm (Uncategorized)

Eg har vore på lauvhaug heile veke og passa ho thea slik at ove og gro kirsti kunne kose seg i syden. Er blitt eit noko motvuljugt a- menneskje, men har ellers kosa meg godt. Det trur eg Thea har og. Til og med jostein har vore her eit par dagar mellom skredkursa i hemsedal og sogndal.

dette er thea som var fasinert over det kvite som kom frå himmlelen og landa i ansiktet hennar- ho lo og smilte lenge….

dsc_6730.JPG

Permalink Leave a Comment