Vakre Tallin
Vakre Tallin vert i dag skifta ut med Tartu som er eit par tima på bussen frå Tallin. Det er viktig å få sett seg om i verden når ein fyrst er ute i den!!!!! det vert overnatting til søndag, og so til Tallin at. Eg traff foresten kjensfolk på kul rastaurant Olde Hansa i går kveld. Det er merkeleg at det er Jøstedøler(i alle fall delvis) over alt i verden!!
hurra!
det er jammen meg fint å vere på besøk til anne marte. no skal me ut og sjå oss om!!
hurra for frode 40 år!!!!
Enorme mengder snø…….
……eller 10 cm som nokon og kalla det har det kome i Bukve i natt. Det er i alle fall enorme mengder for den stakkars blomen som trudde det var vår.
Hurra for Joker Jostedalen!!!!
Jostedalsuttrykk
Det hender eg på måfå set og søkjer på nettet, slik på dagar å eg ikkje har anna å gjere, eller har so mykje anna å gjere at eg aller helst utset det….. i alle fall fann eg ei kjekke side. Det er Anki og Per si slekktsside. Ikkje det at eg har nokon aning om kven det er , men der var mykje Jostedalsuttrykk der. Og sidan Jostein påstår at eg har dikta opp ein del av orda eg bruker, kan han og alle andre sjekke innom her: http://home.online.no/~anepstad/ . Der kan ein gå inn ord og uttrykk frå sogn:-)
Motorsag og Breim
Jostein er arveleg belasta med mororsagkribling i hendene!!!!! han har gått laus på skogen oppanfor vegen, med den teori at det vert finare og opnare berre me får vekk selja, og bjørka står so ven att. Det er og eit lønnleg håp om at det turka litt opp og myggklekkeriet kan forsvinne!!!!
Ekte påsketur på etterskot vart det tid til i helga. Me var på Årdalstølen i Breim i strålande sol. Jostein fauk i vegen på ski då han plutseleg fekk turfylgje, og eg sat i den deilig solveggen med hundane og boka mi-ikkje ilt det helde!!
Nansen gjekk til angrep på einene.
påska over for dinna gong…
Det var her ein slik strålande dag med sol frå skyfri himmel og knall raud nase, att eg kom til å kike oppi blomstersengi mi. Og skulle ein sett på makan, der spirte det fine grøne blommar i høgt tempo. Hurra, no er de vår tenkte eg! A nei, altfor sein med å så frø inne i år, søren og , eg som har handla inn so mykje! Men det skulle vise seg at bekymringane mine var totalt grunnlause. Vinteren har kome att med full styrke. Snø og kaldt er det, og eg er ikkje sikker på om eg ikkje heller ville ha kjøpt ferdige blomar og bevart våren som den var. Men eg har vel ikkje stort val….
Har vore på Hesjevollen og ete deilig pinnakjøt tileg heldt på å sprikke.Jan Helge har vore på fotbalferie i Malaga, brune heldiggrisen.:-)
Dette er er det onde galne påskeharen som dukkar fram på Hesjevollen kvar påske. Den er sydd av Jan Helge i formingen på skulen, og eg er mektig imponert:-)
Det er og eit splatter mysterie i Bjørkehaugen. Eg var innom og lurte på kva i alle dagar som hadde skjedd med veggen til Bitte. Det er spruta drit godt oppetter, men ikkje ein dråpe i vindfanget. Og det er eit mysterie kvar det er kome ifrå, då det faktisk er frose på og snø i tunet!!!!
![]()
Fine dingsen!!!
Jammen santen meg har ikkje han jostein fått ein ny dings han kan koble på datan!!! Når ein i tillegg kan ta den med ut i bilen og den kan fortelje vegen ned på Hesjevollen er lukka stor:-)Raspeball og eggakake er jammen meg goe greier ein onsdag !!!!
![]()
I dag skulle ha komme med lydeffektar!! det blæs godt ute, men det strøymer på med bilar på senterplassen og nedetter vegen..galne bjønnarennfolk!