Høgtidleg opning av vegen til Kleivi
Gry inviterte til høgtidleg opning av vegen til Kleivi i dag med mange inviterte gjester. og god servereing på trappa i Mjølver.
Det var talar ved politikarane Morten S og Steinar B som nytta høvet til å starte valkanpen.
Jostein og Simonsen i debatt.
Sognavis har ein (nesten) lokal representant so opninga vart behørleg dekka.
Anders fekk æra av å kutte snora, som var berre halv…..![]()
Marit overrekker blomar til snorkuttaren.
Tora og Kristi
![]()
Ho Ruth kan og lage blomsterkrans
Det er kjekt med ein breførarhelt som kan lage blomsterkransar!!!
Det fyrste rødmande jordbæret….
……..var i åkeren min i går. Eg lurte på om eg skulle late det stå nokre timar til, for å få ein endå djupare raudfarge, men det gjekk ikkje. Inn i munnen måtte det med ein gong. Og for ein smak!!!!!! Det smakte sol og sommar og berføtt i graset, alt på ein gong. No gledar eg meg til det neste er ferdig. Det skal og seiast at Jostein fekk halvparten av bæret som var ganske stort:-)
Dette bæret skal eg kunne ete i dag. I drivhuset veks og gror det. Eg har fatt binde opp det aller meste, bortsett frå litt av squashen som skal få leve sitt eige liv. Det er blomar på tomatane og agurkane, og faktisk nokre mini mini agurkar på den eine planten. Jostein og hundane har laga meg eit flott bed ute med masse kompost i i går, som eg skal ha litt squash og urter i. Kanskje eg får planta det i helga.
![]()
Brepubar i sommar
Forrige fredag var det brefestival og pangstart med hundre tusen millionar halvlitarar tappa på senteret. Musikken var knakande bra.Har rappa bilete frå sogn
Her er Peders oppdaterte liste over musikken me skal høyre på i sommar!!
6. juli. Musikk: Shine
13. juli. Musikk: Longhorn
27. juli. Musikk: Fanaraak
3. august. Musikk: Ivory
“blåe tonar under breen” er 24., 25. og 26. august
og so er det marknadsfest 21 juli
Hurra for……eller nei
og eg so hurraa for luster kommune og saltet deirast-altfor tidleg!!! det var nok berre ein skvett vatn dei hadde på uvisst av kva årak. .. so eg venta på at støvskya skal legge seg over gardane eg…….
Det gror……
Slik såg det ut i drivhuset 6 juni, nokre nyplanta tomatar og agurkar i dei fine baljane sine. No har det endra seg betrakteleg, tomatane og sqashplentene står frodige , og det gjer urtene, paprikaen og chillien og.
agurken blomstra so fint.
I hagen veks det og godt. No skal det vekse enno betre, sidan det er mogleg å vatne litt att.
Jordbæra er på god veg. Er ikkje mange dagane til med dette veret før dei er raude!! Og eg gladar meg:-) ![]()
Eg og ei støv sky…..dagens frustrasjon.
Eg bur i enden av ein grus veg. Ein relativt ny skrapa grus veg faktisk, og det er eg sjølvsagt glad for. Eg har ein raud bil. Eller dvs den er i teorien raud, men no er det ikkje mogleg å sjå det lenger. Den er nemleg grå. Det er ikkje det at eg ikkje spyler av den kvar dag når eg vatna dei fine tomatplentene mine, men det hjelpe ikkje. Då komunen endeleg kom å skrapte vegen, gløymde dei visst at det må salt til for å halde grusen på plass. Det har gjeve seg utslag i litt merkelg oppførsel frå mjølversdølene si side i det siste. Dei som bur nærmaste vegen har vaske glaseruter både titt og stadig i det siste, men no er dei leie av det , og driv med veg-vatning i staden for. Litt på blomane og litt på grusen. Fleire gonger for dagen. Godt det er bra med vatn i bekken! For min sin del har eg ei litt merkeleg køyreadferd . Eg bremsa ned rett etter brua, so er det merkeleg nok ein støvfri bete på 50 meter nett nedunder Nigard, men so må eg snigle meg forbi alle husa so eg ikkje skal støve til over alt. Verst er det når ein møter folk. Uansett kor seint ein prøver å kjøyre so virvla det opp støv. For ikkje å snakke om å vere den stakkaren so er ute og går sjølv, og må spytte støv når det har komme ein bil forbi. Ein sprett so langt ut i grøfta ei kjem , men det hjelpe ikkje. Og slik går no dagan, mange dagar faktisk. Ventar i spaning på salt bilen….. kanskje ,kanskje kjem den ein dag