Gigantisk squash

July 30, 2007 at 12:59 pm (deilige dagar ...)

sverige-og-hage-slutten-av-juli-07-084.jpg  Eg hadde ein liten opprydding i drivhuset i går. Då eg drog fram ein balje for å plukke vekk litt daude blad, fann eg jammen meg ein squash hengande ned bak, og den hadde fått vakse i fred ei stund! Vekta stoppa på 750 gram- moro for barna. Skal tru om det ikkje vert squash til middagen dei neste dagane:-) 

Permalink 1 Comment

Popmusiiikens land…….

July 30, 2007 at 12:55 pm (deilige dagar ...)

sverige-og-hage-slutten-av-juli-07-013.jpgJostein opp ned på Liseberg, eg trygt planta på bakken…sverige-og-hage-slutten-av-juli-07-016.jpgSuperkastemeiser Jostein vann ikkje bamse til meg:-)sverige-og-hage-slutten-av-juli-07-068.jpg  Jostein seier hallo på Hallo…….sverige-og-hage-slutten-av-juli-07-075.jpg  Delig skalldyrtallerken i Grebbestad, slik til middag etter å ha ete reker til alle andre måltid-nam nam.

Permalink Leave a Comment

Stort øyeblikk !!!

July 14, 2007 at 10:12 am (deilige dagar ...)

sommar07-088.jpgDet var slik ein vakker dag eg gjekk ned i drivhuset og fann at squashen var klar til hausting.  Derav det breie smilet  i fjeset mitt!! Eg må vere den fødte gartnar:-)sommar07-095.jpg Til squash- pai må ein ha salat, og det var lett å fikse. Ein deilig agurk fann frå drivhuset og salat frå grønsakhagen ute, og slikt blir ein i godt humør av!!! sommar07-099.jpg  Når ein so kan drikke litt mohito meed mynte frå urtehagen,  vert det ein fager kveld i Jostedalen.

Permalink 2 Comments

Nyplukka salat med jordbær til desert…

July 11, 2007 at 10:36 pm (deilige dagar ...)

juli-07-drivhus-ol-081.jpgHmmm…..kva skal eg ha til kveldsmat i dag?Trur jammen meg eg går ut i hagen og hentar litt ruccula og plukksalat.., nydeleg med litt kylling og feta til!! Jordbær til desert er det kvar dag no, søte og gode berre det ikkje regnar altfor mykje.   Når no Jostein kjem heim skal det verte squash- pai og agurksalat, for det nermar seg plukkemodent i drivhuset mitt.juli-07-drivhus-ol-085.jpg Gjett om eg kosar meg om dagane !    Blomane til squashen er pene og skal smake utmerka friterte, juli-07-drivhus-ol-091.jpgkanskje det må prøvast ein dag.juli-07-drivhus-ol-082.jpg   Ein agurk som er 20 cm langjuli-07-drivhus-ol-086.jpg  og ein agurkplante som veks og veks og veks :-) juli-07-drivhus-ol-087.jpg

Ellers so regna det visst ute:-) Akkurat nok til at ein vert suppande blaut om ein skal  nett ned i kjellaren etter klesvasken sin, so det på ingen måte er håp om å få turr ute.  Men det tek ein med godt mot , litt nettsurfing, og ein god kopp te. Hadde det ikkje vore for at kalendaren sa noko anna, og eg nett har ete jordbær, kunne det vore ein mørk haustkveld. Eg håpar på betre tider ,slik at eg kan nyte kveldane under markisa i hagen:-) 

Permalink Leave a Comment