Brøyting?
So fint kan det vere ein solskinsdag i Vitlegeisdalen! Dette er frå i fjor. Rykta seier at det kanskje ikkje skal brøytast på Myri heile vinteren i år. Er det nokon som veit om dette er berre rykter eller forferdeleg sanning? Tenk om dei flotte skitraseane som vart rydda i haust ikkje kan brukast heile vinteren. Jada, ein kan gå nedanifrå, men det er kjekkare til lengre opp og ut av skogen ein kjem seg. Det er satt opp vinterertrimpostar på Nosakollen og Geisdalen allerede, og det er to av dei turane med mest folk igjennom vinteren. Eg kryssar fingrane og håpar, men er det nokon som veit?
Støls og vintertrimpremieutdeling!!!
Premiane er ankomne !!!! (Det etter merkeleg leveringsstad frå det utruleg irriterande tollpost fraktselskapet, som kun ein gong har klart å levere noko til meg på rett stad, og det var ein ovn på ganske mange kilo som dei skulle fått visse problem med å satt att på ein tilfeldig butikk i Jostedalen utan å informere meg om det. Norcargo er ikkje hakket betre, og betalt tek dei seg i alle fall. Men nok om det..)
I alle fall, premieutdeling skal det bli, både for vintertrimmen og stølstrimmen 2007. Me satsar på søndag 9 desember kl 1900 på hotellet. (Skal ta ein siste sjekk med Laila, sidan eg har klart å forvirre meg sjølv om når det var ledig og oppteke der, men slik i utgangspunktet då altso). DET VERT DENNE DAGEN!!!!! GI BESKJED TIL ALLE DE MØTER!!!
Kanskje, kanskje er det nokon som føler seg kalla til å lage ein høveleg quiz!!??
Sjå ellers Lauvhaugbloggen for oppdatert info om kvar vintertrimpostane er er utplassert for denne sesongen! Korta er ikkje laminerte enno, men skiføret er utmerka so turane kan kryssast av i etterkant!
Smykker
Red hot chillipepper