ARRGH!!!!!!!
Ein kan byrje å lure nokre gonger… på prioriteringar og tankar som blir gjort av dei som styrer og steller- eg har nemmeleg vore ute med bilen min…..
No har eg vore på ein del av desse bygdeutviklingsmøta og fått fortalt at komunen tykkjer det er viktig at ein bur her. Kva kan ein gjere for å oppretthalde folketalet, og aller helst auke det? Komitear vert sette ned lokalt, og tenkjetankar vert satt i sving for å finne svara. Og det er vel og bra det. Ein kjem fram til at arbeidsplassar er viktige, sosiale møteplassar og slikt noko.
Ein må og finne seg i å nytte bilen når ein bur i ein utkant, det er ein del av ondene med å bu slik til, kollektivtransport er omtrent ikkjeeksisterande. Det er greit det, på sommaren, MEN, og det er eit STOOOOOOOOORT men, ikkje på vinteren i Jostedalen. Då er det ikkje greit lengre. I dag forbanna eg strømannskapa/dei som bestemmer korleis det skal bli strødd, høglytt då eg sat i bilen min på veg ut av dalen. Ein kunne nett so vidt skimte at det hadde vore ein sandbil ute, for det var litt sand i nokre av svingane, men det var for det meste blankt. Det gjekk i 40 og 50 med bilen min, og sjølv då følte eg meg ikkje heilt vel. Men no er det slik at ein bør møte opp i tide, og å berekne meir enn ein time til Gaupne trudde eg ikkje eg skulle trenge, so eg ek no meg i vegen … Og det viste seg at det ikkje berre var meg som sleit, det enda faktisk ein bil i grøfta i dag tidleg (..I dag tidleg ÒG burde eg vel sei…) . Som ein god start til å få folk til å vilje bu i Jostedalen, hadde ein sandbil som faktisk hadde sand på vegen vore ein enkel start!!!
Det var dagens ARRGH og forbannelse, men trur eg det nyttar å irritere seg..?!?
Bilete frå Bitte
Hei sveis!
Når den faste frisøren driv og rek land og og varmare land omkring, må eg trå til som reservefrisør. Det foregår på den måten me har sett på frisørsalongane, men med ein liten justering. Jostein tek håret mellom fingrane og eg klypper
Hårfønar? Nei støvsugar er betre!!!
Skikkeleg støvsugarsveis, ikkje den beste frisør kunne gjort det betre
“Frank-Thores”
Prøver å legge ut ein link til musikkvidioen til supergruppa “Frank-Thores” som hadde ein strålande opptreden på Steinar sin 50-års dag, for eit par år sidan. Tekstforfatterar er Pål og Trude…. Videoen er laaaang, so det kan nok ta si tid og laste den opp
TRYKK HER FOR TIÅRETS KULTURHENDING
Ja eg veit det ikkje virkar enno, men det kjem!!!