Det skjer og skjer….
Og som det skjer når ting berre kjem i gong. Forrige veke var ei slik veke. Delig tapasaften i Sogndal,litt søvn, so til Voss. Der var det forelesningar med Henry Notaker og tilberedning av 6 retters måltid med gastronomisk institutt-kokk som vegleiar. Babettes gjestebud på film, og Mari og Bårds gjestebod i ruskeveret:-)
Forloren skilpaddesuppe på menyen-nam, nam
So Sogndal og kjappt fjellsportfestivalbesøk. Madcom-konsert på meieriet -eg er då student, må vete
Beundra peisen til broderen og sov godt…
Rusletur i Fjøra og besøk på folkehøgskulen-igjen! Og når ein møter indrebygdingar på veg heim, stikk ein gjerne innom der og.
Når ein legg til urrandelitevettta jobb og slikt, so kan ein sei at denne veka var godt utnytta.
Kvelpane som Frank har på besøk vart behørleg beundra i dag!!
Vinter…
Nokre dagar er det litt slek halvkjedeleg å opne døra for å reise på arbeid.
Eller å reise på arbeid etter arbeidet…
Når ein set litt selskapsjuk inne og lurer på kor alle folka er , tek litt motviljugt på seg skisko og luskar seg ned i breavegen for å trimme hundane sine, so er det der dei er, alle folka og sola med. Då er det ikkje so verst lell…:-)