Ei anna påske….. :-)
Lofotpåske :-)
Kalvatreet stiller med eigen blogg!
Kven skulle trudd at Thore skulle få seg blogg, rett nok eit hjørna av Gry sin, men lell:-)
Me gledar oss til å fylgje livet på Nordseter ,og ikkje minst Kalvatre!
Finn linken i bloggrollen!
Ein søndag i mars
I dag har eg måka snø -framfor stoveglasa!!!! Det var so som so med utsikten etter kvart, so snømåkemusklane måtte fram. Snømålestaven i hagen står på 170 cm. Eg var nede på marka og kontrollmålte , og kom til eit gjennomsnitt på 188cm. Har hatt mine misstankar om at staven utanfor glaset viste litt for lite, men meir enn nok
Etter å ha sett på Anki sin blogg, byrja eg å kike på trea. Jammen santen meg trur eg ikkje naturen har vorte heilt vill i svingen, for det er store flotte gåsungar på trea.
Klematisen skyt knoppar utan tanke for at det er vinter leeeeeeeenge enno.
Men det er no godt å sjå at det er små teikn til at våren vil komme i år og…