Opning av Jostedalskontoret.


Har nett vore på opning av det nye kontorfellesskapet på industribygget, Jostedalskontoret. Eli sang og tala, Marit tala og. Endå til ordføraren tala og klypte bandet. Delige økologiske bringebær frå Åne, og rettferdig kaffe – kan det betre bli?! Kontoret er fullfinansiert av bygdalaget, og har enno ein ledig plass kunne dei fortelje. TIl lukke !!
Jordbær..
10 august trudde eg det var siste jordbæra eg plukka, so feil kan eg ha. Eg har plukka masse etter den tid, men i går var det nok det aller siste søte beret som forsvann inn i munnen min. Men blåbær og rips med vaniljesaus- det er godt det !! Og det er det masser av enno!!
Sommaren er på hell……
I går var det eit lite melisdryss på Vangsen og det regna tjukt haustregn. Sommafolka reiser att, ein etter ein, og let oss vere att med stilla. No er det fyr i ovnen om kveldane, og alt som har lege og venta på å bli gjort mørke kveldar vert teke fram att. Sauene ligg på trappa på Breheimsenteret og ventar på meg når eg kjem om morgonane. Eg har ullundertrøye på.



