Godt nytt år!!!

December 31, 2008 at 2:39 pm (2008, Blogroll, Desember, deilige dagar ...)

jul-og-nyttar-05-048  Nyttårsafta og hurra! Snøen dalar forsiktig ned ute, juletreet skin i stova og jostein lagar mat på kjøkken. Me har hatt formiddagsbesøk som beundra nyinstallasjonane og Jostein har sjølvsagt gått seg ein skitur. Om ikkje lenge skal me reise på nyttårsaftafest.  Jula har vore skikkeleg kjekk. Ein rett so hyggeleg hyggeleg 3 dags fest, for ikkje å snakke om 1 dags lag. Besøk i heimen og besøk i heimar. Julafta hjå bestemor. Bra quiz i går kveld på hotellet :-) Skikkeleg dårleg på ol,  ikkje so verst på dialekt og lett underhaldning :-) Spørsmåla testa på foreldre i dag, dei slo meg på julesongvers  og ol, men ikkje på årstal :-)  Eg ynskjer alle som ein eit godt nytt år!! So var det so at eg har ein litt halvfornærma storevitlebror….. Gratulerer med dagen på nettet, Audun !!!!! dsc_3005

Permalink 1 Comment

God jul til alle!!!

December 24, 2008 at 12:43 am (2008, Desember, deilige dagar ...)

dsc_6639Julefreden har senka seg i Bukve. Me har skrudd i hop kjøkken, vaska golva og jepp, pynta tre. Vore i hyggeleg veslejulaftabesøk og no skal dei siste pakkene pakkast inn.  Ei rettleg god jul til alle!!

dsc_6655Og gratulere med dagen til Abertine!! Ein  fin dag me ynskjer deg her frå juleBukve!

Permalink Leave a Comment

Festivitas…….

December 16, 2008 at 10:59 pm (2008, Desember, deilige dagar ...)

……… med mengder av godt å ete. Spleisetapas med lukke til den lyse morgon (Ja, faktisk lys, av ein vakker måne:-)pc131671  Då er det godt å vere.

Permalink Leave a Comment

Etterlysning!

December 14, 2008 at 7:53 pm (2008, Blogroll, Desember)

Kan den som har lånt filmen “polarekspressen” av meg levere den attende snarast?!!!  Eg har nemleg lyst å sjå den!  Og   boka “L” kan eg ikkje komme på kven som lånte. OG, og , og……..  Dette minner meg på at NO skal eg lage ei oversikt over bøker og DVD ar med skikkeleg utlånsystem, slik at eg  veit kven som låner kva. OG det minner meg på at eg har ein boks DVD ar som skal ut frå mi hylle og heim til eigerinna :-)

Permalink 2 Comments

Informasjon til DITT eige beste!

December 12, 2008 at 5:41 pm (2008, Desember, deilige dagar ...)

dscn2529  Om DE ikkje likar å stå ute i kulden å lese informasjon til DYKKAR eige beste, legg eg her ut teksten slik at DE skal sleppe å fryse på øyrene.

Permalink 36 Comments

Lauvhaugblogg har viktige meldingar i dag!

December 11, 2008 at 1:24 pm (2008, Desember, Støls og vintertrim, deilige dagar ...)

http://lauvhaug.tuften.net/#home  Her må de få med dikka både juletresal og oppmoding om postkasseuthenging til Vintertrimmen

Permalink Leave a Comment

Fleire vakre dagar…

December 7, 2008 at 9:24 am (2008, Desember, deilige dagar ...)

dscn25201   … har det vore. Både gnistrande snø og hyggelege gater. Kva er min favoritt mon tru….?

Permalink 2 Comments