Dvale
Har prøv å gå i dvale. Det gjekk ikkje. Det kan verke som om eg ikkje er ein bjørn lell!
Nyttårstalar og andre talarar
Eg gjekk glipp av kongen på nyttårsafta i år. Eg har ofte høyrt den, på festar og nyttårsfeiringar på hytter omkring. Eg kan egentleg ikkje komme på kva han har snakka om. Hm.. det kan vere eg ikkje har høyrt etter. Det hender eg ikkje gjer det. Men ein tale som har brent seg fast i minnet var det ein sambygding som kom med.
Det var ein fellestur på ski på Vangsen den dagen. Ja, eg var ikkje med, sjølvsagt. Det kunne vel ikkje ha ramla meg inn i halvsøvne å ha gått på Vangsen på ski ein slik dag- eller kva som helst dag for den del…. Me sat i ungdomshuset i Sperløyane og hygga oss, mellom mintgrøne og lilla vegger. (Skikkeleg dårleg smak den som valgde dei fargane. og nei, det var ikkje meg) Kanskje hadde me noko godt å drikke, skal ikkje sjå vekk frå det. I god stemning vart me i alle fall. Og i enno betre stemning vart me når skifolka kom ramlande inn litt utpå kvelden. Dei hadde hygga seg med noko godt dei og. Og Morten Johan var den hyggelegaste. Litt sliten etter ein lang skitur, men oppegåande og engasjert. Moglegvis noko ekstra oppelda av ein breførar me kjenner. Han leverte ein tale som det har vore sitert frå i mange hyggelege lag etterpå. Kan enno sjå føre meg Else Karin nikkande enig med ein lillabrun plastpose som hatt, og SEB som i rette augneblink skrudde ned lyden Aerosmith, ventande på klimakset ( Det kan ha vore Jokke og, mogleg det var det det var) Oppe frå senekanten kom han med dei kloke nyskapande orda “Idiotar, de må tenkje sjølv!” Han har alder vore so dumme han Morten.
Morten, kanskje slik omtrent på den tida.
Grunnen til at eg tenkte på denne talen no? Jau, eg prøvar å tenkje sjølv, men det er jammen meg ikkje like lett alltid. Har alder vore svært politisk engasjert og alder hatt stålkontroll på konfliktane rundt om i verden. So derfor har eg surfa på nettet og lese om Gaza og Israel dei siste dagane, både i den eine og andre avisa( for ikkje å snakke om dei merkelegaste nettsider) Skal sei alle har mange gode argument for å slå kvarandre i houvdet. Skal tru kven som har dei beste.
I kveld har dei gått i fakkeltog i Oslo. Var det ikkje for fred det var..?
Brudefylgje…
Sprekingar i bryllup denne gongen. Dette er brydefylgje til Olina og Håkon på Nes. Sjur H går i front og spelar dei til kyrkja. På biletet passerer dei Mosevollen
Familiejulegåva i år…..
( Bfv: Kjellaug H, Jon H, Kari Klyve, Oddbjørn H, Ffv: Lidvin H, Astrid H, Elin Klyve)
Eg tykte eg var skikkeleg lur i år ! Var nede til bestemor og henta dei gamle albuma og bilete i øskjer ,satte meg til framfor datamaskina- leeeeeenge. Det var noko mikk å scanne bilete som var festa i albuma, slik litt på skrå, men det vart då gjort til slutt. So var det navna på alle som var på bileta. Bestemor fortalde, og eg skreiv på lappar. Ikke so bra system, for plutseleg hadde eg rot i lappesystemet. Hm. Pån igjen,bestemor fortalde og eg skreiv inn i Picasa. Hm, ikkje noko bra system,det let seg ikkje gjere å kopiere teksten som er lagt inn i picasa på ein enkel måte. Hm pån igjen. Slik ja. Skrive av frå picasa og inn i fotoboka, framleis noko mikk sidan bileta ikkje ligg i sama rekkeførlge i fotoboka som i picasa..Men, det vert fotobok laga på nettet til heile hurven
Ikkje heilt i mål enno, men det nærmar seg godt overstått nyttårspresang- under juletreet havna kun ein cd med bileta på .
Det var sprekingar på ski før i verden og
Det irriterer meg forresten skikkeleg at wordpress har gjort om på tinga slik at det ikkje går an å legge inn klikkbare bilete utan å lage galleri slik som før…. Skamme seg som gjer om på bra ting!
Eg legg til eit bilete slik at ein ser kvar det er . Han er ? Mosevoll og ho er Margit Bakken.
