Fine dagar..
Det har vore nokre fine dagar i det siste. Slik innimellom trur eg at våren er på veg
Både dei eine og dei andre skiene har fått lufta seg i sola. Gode greier det !
Nokre dagar verkar våren litt lengre vekke, men ein kan gå på kort kort tur i nærområdet med innlagd sightseeing og snømannbygging på slike dagar.
Sprek bestemor 80 år !
Dagen var i går, men me skal feire bestemor Kjellaug i dag. Dette bilete er frå konfirmasjonsdagen.
Bestemor , Kari og Gunnbjørg.
Ei sprek dame på skitur til Bakkedalen. På biletet saman med Elmer Mosevoll.
På omvisning..
Før som no må besøkande sjå breen når dei er i Jostedalen. Dette er vener av bestefar Albert , som og sansynlegvis har teke bilete. Dei som er kjende på bilete er Syvert i svart jakke, og Harald Hesjevoll som er den vesle knotten med ryggen til
Breen var litt større der ja..
Ørn
Ka i alle dagar var det der for noko?!!! Ein gedigen fugl strauk forbi stoveglaset mellom snømålepinnen og huset. Det var ei ørn som lurte på korleis det såg ut i Bukve. Den segla og sirkla lenge over oss, før den strauk inn breadalen att.
Heggmyrane rett ned
Eg og Jostein var heiagjeng saman med folket på Kjørlaug då Anne Marte og Magnus køyrde rett ned. Varmt i sola, hyggeleg selskap og ein fin dag. Men dei er so trege til å stå opp ut på Hafslo, at dei ikkje starta med dei vaksne før klokka godt over tre. Då var det kald på nasen og tærne ei stund. Men me heldt ut og fekk sjå Anne Marte entra seierspallen som nr tre
Anne Marte i fint driv inn til mål
Uten mat og drikke duger ikke helten!
Øyeblikket me alle venta på- Anne Marte på pallen!!! Då det endeleg blei Magnus sin tur var det ikkje skikkeleg lys til å fotografere i…
Ein ting som gjer meg glad…
Det er Posten og postdamene/karane her i dalen! Der Tollpost ALDRI klarer å levere varene når dei skal eller der dei skal ( leverer varene på merkelege plassar til ein eller anna tilfeldig person på ein eller annan tilfeldig arbeidsplass i Gaupne fordi dei ikkje gidd å køyre til Jostedalen, og so set ein der då, og får beskjed om at pakka er kvittert ut, men til kven veit dei ikkje…) er Posten ALLTID på plass med kjapp levering og sørvis. Det er ikkje noko som er vanskeleg for dei når ein spør. Det er jammen meg ikkje berre bakdeler med å bu i Jostedalen
Vinterferie 2009
Ein Norgesguide kan brukast til det meste
Det vart so definitivt utsikt til fjernsynet!
Skikkelege trekkhundar fekk best fart i nedoverbakken
Men jammen meg er dei sterke oppover og!
På jobb for Jostedalen med stand på fjellsportfestivalen.
Ei mauratubbe på skitur- eller kinesisk utfor i Gunvordalen. Alle på ein gong og fyrstemann ned. Moro dei tre og eit halvt minuttane det varde. Men med god stemning i målområdet var det ein fin utedag.
.. må vel dette kunne seiast å vere
Jørgen er 13 år i dag, og me gratulerer frå bukve!