Små petter edderkoppar i massevis :-)

April 27, 2009 at 9:05 pm (2009, april, deilige dagar ...)

dscn2827  dscn2825  Etter ein større utgraving attmed steinen kom det nokre små, runde posar til syne. Dei hengde på steinen, og har sansynlegvis hatt ein stor stein framfor seg. Nyskjerrigheita tok overhand, og pølsemann måtte sjekke ut kva dette var for noko. Det viste seg å vere edderkoppreir ( eller kva det no heiter) Masse miniedderkoppar kom springande ut.  So no veit me det :-)

Permalink 1 Comment

Vårliv

April 26, 2009 at 9:52 pm (2009, april, deilige dagar ...)

dscn2779  I hagen er nesten all snøen vekke. Rabarbraen er opp komen. skillaen blomstrar og det er ikkje lenge før påskeliljene og dei gule prestekragane blomstrar.   dscn2803   Litt verkstadarbeid må til    dscn28051  Ein hurtigtur for å få vårfølelsen inn…

Permalink 5 Comments

Opp opp og so ned!

April 18, 2009 at 7:26 pm (2009, april, deilige dagar ...)

dsc_5644dsc_5662dsc_5657    Opp og ned konkurranse i Geisdalen var bra i dag. Strålande sol og mykje folk.  Best var det nok å studere sveva til desse karane og fleire med :-)

Permalink Leave a Comment

HURRA!

April 16, 2009 at 10:35 pm (2009, HURRA!, april)

dscn2484  Gratulerer med dagen! Pensel, motorsag ,gitar eller tankar- no problemas ! Jammen meg er det godt å ha nokon å diskutere med :-)

Permalink 2 Comments

April 16, 2009 at 4:01 pm (2009, april, deilige dagar ...)

dscn2747  Fin dag på måndag. Soli skei so den var gali, og det var eg og. På skitur  åleine, men slett ikkje heilt åleine likevel. Det krydde av folk i Vanndalen.dscn2755  So tysdag med pleiing av gnagsår i Røysi.  So fint kan ein ha det når soli skin i Krundalen. :-) dscn27771  Og so på skitur med Jostein og hundane. Fint det og, berre supperåte føre og skodd i dag. Men me kom oss no ned att , slett ikkje missnøygd med gjennomført tur :-)

Permalink 2 Comments

So vart det påske i år og :-)

April 12, 2009 at 11:26 am (2009, april, deilige dagar ...)

dscn2731Og kva er vel påske utan påsketur med pølsegrilling….Endeleg vart det ok ver ei stund i går, og me styrta ut på sosial skitur. Men idyllen vara berre til vinden kom i kjappa kast og skyene for i ekspressfart. Vel nede att til bilen byrja det å høljeregne. Skikkeleg tøyrver ditta. No viser målestokken i bukve 40-50 cm snø , so det går nedover!   Det er berre til å få resten av frøa i jorda og glede seg over frøkatalogar på nettet :-)

Permalink Leave a Comment

Ukjende damer

April 2, 2009 at 7:57 pm (2009, Gamle bilete, april)

filestreamEg har fått tilsendt dette bilete med spørsmål om eg veit kven det er . Det gjer eg ikkje, men reknar med at det er nokon der ute som veit. Bilete skal vere teke av Per Fredrik Tang i 1949. Hanhar sagt det er jenter frå Jostedal og at dei er forgrafert i Elvekrok. Er det nokon som veit?

OPPDATERING

Eg fekk ein mail med navna på biletet :-) Den sa dette:

No veit eg kven dei er takka vera Magda Bukve. Dersom du har lyst til å ta med namni er dei slik: Frå venstre: Inger Bukve f. 1933, gift Knoff, Bergljot Bukve f. 1943, gift Snøtun, Brita Kleivi f. 1927, gift Nigard og Johanna Mjølver f. 1925, gift Hunshamar. 

 

Permalink 4 Comments