Vintertrimmen

May 25, 2009 at 3:38 pm (2009, Støls og vintertrim, deilige dagar ..., mai)

Fredag er det siste sjangs til å levere inn vinterttrimkorta!   Eg bestiller premiane då, so etter det er det for seint. Berre slik om det tilfeldigvis kulle vere nokon som har gløymt det altso- det har eg nemleg ein misstanke om :-)

Permalink Leave a Comment

HURRA HURRA HURRA

May 17, 2009 at 7:37 am (2009, deilige dagar ..., mai)

hage og vatn jun 07 041   Med stemoren som blomstrar i hagen seier eg: Hurra for 17 mai!

Permalink 8 Comments

Vårliv

May 13, 2009 at 8:36 pm (2009, deilige dagar ..., mai)

DSCN2843   Sosial pølsemaking med smaking :-) Knakande gode vart dei!  DSCN2846  Nok eit døme på kva Norgesguidane kan brukast til! Oppskruing av vrien kjøttkvern er ingen sak for to sterke karar:-) DSCN2861  Det er nok å gjere på Jostedalsbredens Turiststasjon, men det viktigaste er nok kaffipausane :-) DSCN2860   Ellers har me etter ei veke med skikkeleg surt ver og nysnø i hagen, gått over til sommar og sol! Det er grønt over alt, berre fennene i sidene ligg att. Drivhuset er klargjort og noko av hagen er klargjort til utplanting. Jammen er det godt med vår!

Permalink Leave a Comment

Emigrasjon!

May 7, 2009 at 10:12 am (Uncategorized)

Emigrasjonspapira er i ferd med å bli fyllt ut! Det låg kvitt med snø ute i dag. No sluddar det. Var det ikkje slik at det var våren og sommaren som skulle gjere det verdt det…..

  Og slik i ein ekstra kommentar….  Eg ser først på framsida og baksida i Sognavis for å sjå kva som skjer. I dag har dei klart å bruke BÅDE fram og baksida på bilete og tekst om ei rype som set på eit garasjetak! PUH, jammen godt det skjer noko av viktigheit i Sogn

Permalink 3 Comments