SQUIQQQCZ….. og so forsvann idyllen brått!!! Vestsideutbygginga er faretruande nær..

June 26, 2009 at 7:46 am (2009, NEI NEI NEI!!!, juni)

  NEI NEI OG ATTER NEI!!!  Dei er so definitivt i gang!  Statkraft vil   legge resten av dalen vår i røyr. Ikkje øydelegg naturen vår for dei som kjem etter oss- eller for oss sjølve for den sin del. Eit slikt inngrep er ikkje reversibelt. http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article4425102.ece 

Me hadde ein diskusjon om same temaet hausten 2007. Les her :http://jostedal.wordpress.com/2007/09/26/eg-har-lese-sogn-avis-att-eg/

Permalink 5 Comments

Vakker og varm sommarkveld i Bukve

June 25, 2009 at 11:00 pm (2009, deilige dagar ..., juni)

Eg rusla opp for å finne att vatnet i brønnen i kveld. Fjerna rusk og renska tette silar. Det merkast at det smeltar og er varmt, for bekkane (og elva)  er stor og har med seg masser av allslags . No renn det att  og eg er nøygd med meg sjølv :-)   Det var 17  grader klokka 24 og all myggen hadde gått og lagt seg.  Fin kveld. Eg har sete ei stund på trappa med sitronmyntedrykk , ei bok og nytt kvelden.  Slik skal sommaren vere!

Ellers er sommaren drivhus og åker. Det er ikkje mange dagane til det fyrste jordbæret kan nytast. Nam nam, eg gledar meg. Urter vert brukt i all slags mat for tiden. Flere typar salat og ruccula er eteklar, og grøne minitomatane lovar godt i drivhuset.  Squash og fleire typar graskar står i kompostbed ute, dei siste planta ut frå drivhuset i går. To får stå att inne for å gi tidlegare avling.  Potene kjem fint- dei har eg auka i dag :-) Gulerøtene veks godt, det gjer og 7 typar reddik og litt neper. Masser av ertrabukkar skal det bli utover sommaren. Neste prosjekt – kanskje morgondagens- er å lage klatrestativ til dei. Ellers har eg fått meg bringebæråker i år, men det vert nok ikkje bær før til neste år. Har ei liten del av åkeren med lin og ringblomster- det er so fint utover seinsommaren og  hausten. Chilli og paprika veks fint, det gjer og agurkplantane. To typar i år. 

Ellers er sommar Breheimsenteret og tyskengelsspanskbabbel, sommararbeidarane som kjem att år etter år, og pistasjeis med kaffi attåt. Jonsokfeiring med bål og lam steikt i kokegrop ved  Gamlehotellet med kjekt selskap. Vermeldingen seier mange mange grader og sol kvar dag i over ei veke framover- mmmmm. Bra greier

Permalink Leave a Comment

Og når eg fyrst er i gang….

June 21, 2009 at 7:24 pm (Uncategorized)

Stille og fredeleg med uberørt natur my ass………
http://www.dn.no/d2/reise/article1688724.ece
Stilla og freden sel me for peng- altfor lite peng faktisk!

Permalink Leave a Comment

Sjokkerande nyhende i klartekst!

June 21, 2009 at 9:49 am (2009, juni)

For dei som tykte dette vart for mykje tekst…: Essensen er at slik det ser ut for meg har ikkje Luster kommune råd til å både bygge badeland OG opretthalde skulane og helsevesenet i Luster. Det er kome arbeidsforslag om at skulestrukturen skal endrast- dvs 5 til 7 klasse frå skule med lite elevar flytte til Gaupne.. Vil me at det skal bli slik? Er det noko me kan gjere ?

Det er snakk om at det skal byggast ein ny skule i Gaupne, dvs bygge på den gamle fordi den er for liten.  Kor langt dette er kom i planane veit eg ikkje.  Asbjørg hadde ein god ide! Å kjøyre elevane som soknar til Gaupne skule til Jostedalen og Indre Hafslo i staden for den tida det gjeld at elevtalet er so høg. Elevtalet har ein topp no snart, og er synkande att etter det.  Det er vel ledig kapasitet på begge skulane.  Då kan ein spare pengar på bygging! Det er tross alt ikkje lengre til Jostedalen frå Gaupne enn omvendt!!!  Slik om einabsolutt treng badeland meiner eg………

Permalink 13 Comments

Sjokkerande nyhende!! Forslag om å flytte 5-7 klasse til Gaupne!!!

June 17, 2009 at 7:29 pm (2009, juni)

Ja, ja , sjokkerande var eit sterkt ord, men jammen meg slo eg øyrene opp på vidt gap! Rådmannen i Luster har kome med forslag til kommunestyret om at 5- 7  klasse skal flyttast til Gaupne !! Dette var sagt på eit ope kommunestyremøte der budsjettet vart diskutert. Det er rett nok ikkje fatta vedtak på noko som helst,og er skissert som eit av fleire alternativ,  men HJELP ! Kva i alle dagar er det dei tenkjer på der nede på rådhuset?  No har eg ikkje ongar sjølv, og er tilsatt berre i eit vikariat på skulen, men eg meiner likevel at skulen er viktig for bygda vår og ikke minst ungane som går på den!  Det er ikkje berre berre å sende ungane på skulebussen heilt  til Gaupne. Jadda, det tek berre ein halv time med bil- eg veit det. MEN skulebusse går til Gaupne klokka ÅTTE på morgonen. (før klokka åtte for Fåbergsdøler og Bergset!)   Det er ein time før skulen byrjar det. I motsetning til dei ca 20 minuttane dei som bur lengst vekke må reise før skulen startar no.  Hm.. eg høyrer argumentet: ” jammen, dei blir no kjøyrde ned dit løll på ettermiddagane for å vere med på forballtrening” Jess, det blir dei, nokre av dei i alle fall.  MEN då vert det to turar for dagen då. For ei let vel ikkje 5-7 klassingar gå att på Pyramiden og vente på trening åleine?  (Eg er ikkje eldre enn at eg minnast med gru bussturen frå Hesjevollen til ungdomskulen i  Gaupne kvar morgon i 2 år. Det var meir enn nok! Og so leksene som skulle gjerast etter at ein kom heim att. Då var det slett ikkje mykje att av dagen. Då var eg tross alt på ungdomskulen… )

Eg forstår Luster kommune ikkje kan bruke ubegrensa med pengar på all mogleg . Men skal verkeleg innsparingane gå ut over skulen og  ongane?  Eg trekk fram  det mest opplagde dømet:  badeland til 80 millionar i byggeutgifter i Gaupne. OG var det 8 millionar i driftsutgifter kvart år?  Korriger gjerne tala om det er feil.  Treng ein verkeleg eit badeland? Eg er rett nok ikkje i tvil om at det bassenget som er der i dag er altfor dårleg MEN kan ein ikkje bygge eit heilt vanleg badebasseng til under halvparten av prisen, og bevare lokalskulane \samfunna slik som dei er?  Eg har nemleg mine tvil om at kvar lustring kjem til å bade 12 ganger i året i eit badeland i Gaupne. Eg har mine tvil om at annankvar kjem til å gjere det, for ikkje å snakke om kvar tredje eller fjerde……    Og eg er overbevist om at det er ein rein illusjon å tru at me kjem til å behalde eit ope basseng i Jostedalen eller Skjolden og Hafslo for den sin del, når kommunen må spare inn på pengane dei kjem til å tape på badeland i Gaupne. Friskvernsenter kalla Schønberg badelandet, men om ein må kutte i helse og omsorgsbudgettet for å få det til, so er ikkje det akkurat friskvern etter kva eg kan forstå!!  ( kutte betyr mindre peng til løn og ergo mindre folk til å ta vare på dei som er sjuke blitt- det forstår til og med eg!) Eg har i utgangspunktet ikkje noko imot badeland, MEN det er tydeleg at Luster kommune ikkje har råd til det. Kommunen bruker vel peng på andre ting dei ikkje har råd til og reknar eg med, men det veit ikkje eg noko om. Derfor trekk eg fram badeanlegg som døme. Og slik satt opp mot alternativet, som er borna i dalen vår ………………… ARGH!!!

Eg har lese om tal på kommunestyret referat, rekneskapsrapport.  Der står det at driftsutgiftene skal kuttast med 150 kr pr elev i grunnskulen 2009. Det vil sei ein milion som skal innsparast.  Dette kan ein sjå i kommunstryrereferatet saksnr 0031/09 under “inndekking”. Ikkje er eg god på tal og budsjett,men her er dei allerede byrja å kutte..  Sjå og på slutten av dette dokumentet, der det står at ein ved nedlegging av grendaskular kan spare pengar, og at ein bør legge om skulesturkturen!!!!  Om ein opprettheld kommunen sitt invisteringsniva so er det ikkje til å kome vekk frå at ein må kutte i driftsutgiftene so det monnar les eg av dette…   LES SJØLV:  http://sensff26.sf-f.kommune.no/kommunar/luster/k2pub.nsf/viewAttachments/41256B120049A392C12575BC0055B233!opendocument&frame=yes   Dette håpar eg er linken til det rette dokumentet.   Ein må og kutte i helse og sosialbudsjettet so det monnar etter det eg forstår.

Luster kommune  brukar ein del pengar i året på bygdeutvikling. Det gjer bygdelaget i Jostedalen og dei andre delane av Luster og.  Me vil gjerne at folk skal bli verande\flytte til bygdene våre. Me vil ha  eit levande lokalsamfunn med skule og barnehage i nærområdet.  Her i Jostedalen er og samfunnshuset ein plass der spesiellt barnefamiliane, men og andre møtest. Det er masse besøk på på tysdagane når det er vaffelkafe. Det er heilheita som gjer denne dalen til ein bra plass å bu. ( jadda- eg veit eg syt og klagar når vinteren er som mørkast, men lell då  :-) )Misser ein det eine, er det lett for at andre ting forsvinn og. Døme: misser me 5-7 klasse på skulen trur eg ikkje det er lenge me har skulemusikken gåande framst i toget på 17 mai…..   Nei å kutte skulebudsjett ,  flytte elevar og å kutte ned på helse og omsorg er ikkje måten å spare på er mi meining!  Har me nokre politikarar som er vakne her i dalen/kommunen? Er me vakne?

Dette må då vere for gale- det er vel ikkje berre eg som meiner det?

Permalink 1 Comment

1 veka i juni…

June 5, 2009 at 7:14 pm (2009, deilige dagar ..., juni)

DSC_6023 Fjellheim opna på mandag, og dei beste lukkeynskjer kjem frå Bukve!!  Det kan verke som om overgangen til nærmare serveringgstad ikkje vert so stor- slik om ein ser på klientellet :-)

Ellers so vart 4 bursdagar feira  laurdag, søndag og mandag!  Denne veka har det ellers vore skikkeleg jobb og hagejobb og kjøkkenjobb og ryddejobb :-)

Permalink Leave a Comment