Sjokkerande nyhende!! Forslag om å flytte 5-7 klasse til Gaupne!!!
Ja, ja , sjokkerande var eit sterkt ord, men jammen meg slo eg øyrene opp på vidt gap! Rådmannen i Luster har kome med forslag til kommunestyret om at 5- 7 klasse skal flyttast til Gaupne !! Dette var sagt på eit ope kommunestyremøte der budsjettet vart diskutert. Det er rett nok ikkje fatta vedtak på noko som helst,og er skissert som eit av fleire alternativ, men HJELP ! Kva i alle dagar er det dei tenkjer på der nede på rådhuset? No har eg ikkje ongar sjølv, og er tilsatt berre i eit vikariat på skulen, men eg meiner likevel at skulen er viktig for bygda vår og ikke minst ungane som går på den! Det er ikkje berre berre å sende ungane på skulebussen heilt til Gaupne. Jadda, det tek berre ein halv time med bil- eg veit det. MEN skulebusse går til Gaupne klokka ÅTTE på morgonen. (før klokka åtte for Fåbergsdøler og Bergset!) Det er ein time før skulen byrjar det. I motsetning til dei ca 20 minuttane dei som bur lengst vekke må reise før skulen startar no. Hm.. eg høyrer argumentet: ” jammen, dei blir no kjøyrde ned dit løll på ettermiddagane for å vere med på forballtrening” Jess, det blir dei, nokre av dei i alle fall. MEN då vert det to turar for dagen då. For ei let vel ikkje 5-7 klassingar gå att på Pyramiden og vente på trening åleine? (Eg er ikkje eldre enn at eg minnast med gru bussturen frå Hesjevollen til ungdomskulen i Gaupne kvar morgon i 2 år. Det var meir enn nok! Og so leksene som skulle gjerast etter at ein kom heim att. Då var det slett ikkje mykje att av dagen. Då var eg tross alt på ungdomskulen… )
Eg forstår Luster kommune ikkje kan bruke ubegrensa med pengar på all mogleg . Men skal verkeleg innsparingane gå ut over skulen og ongane? Eg trekk fram det mest opplagde dømet: badeland til 80 millionar i byggeutgifter i Gaupne. OG var det 8 millionar i driftsutgifter kvart år? Korriger gjerne tala om det er feil. Treng ein verkeleg eit badeland? Eg er rett nok ikkje i tvil om at det bassenget som er der i dag er altfor dårleg MEN kan ein ikkje bygge eit heilt vanleg badebasseng til under halvparten av prisen, og bevare lokalskulane \samfunna slik som dei er? Eg har nemleg mine tvil om at kvar lustring kjem til å bade 12 ganger i året i eit badeland i Gaupne. Eg har mine tvil om at annankvar kjem til å gjere det, for ikkje å snakke om kvar tredje eller fjerde…… Og eg er overbevist om at det er ein rein illusjon å tru at me kjem til å behalde eit ope basseng i Jostedalen eller Skjolden og Hafslo for den sin del, når kommunen må spare inn på pengane dei kjem til å tape på badeland i Gaupne. Friskvernsenter kalla Schønberg badelandet, men om ein må kutte i helse og omsorgsbudgettet for å få det til, so er ikkje det akkurat friskvern etter kva eg kan forstå!! ( kutte betyr mindre peng til løn og ergo mindre folk til å ta vare på dei som er sjuke blitt- det forstår til og med eg!) Eg har i utgangspunktet ikkje noko imot badeland, MEN det er tydeleg at Luster kommune ikkje har råd til det. Kommunen bruker vel peng på andre ting dei ikkje har råd til og reknar eg med, men det veit ikkje eg noko om. Derfor trekk eg fram badeanlegg som døme. Og slik satt opp mot alternativet, som er borna i dalen vår ………………… ARGH!!!
Eg har lese om tal på kommunestyret referat, rekneskapsrapport. Der står det at driftsutgiftene skal kuttast med 150 kr pr elev i grunnskulen 2009. Det vil sei ein milion som skal innsparast. Dette kan ein sjå i kommunstryrereferatet saksnr 0031/09 under “inndekking”. Ikkje er eg god på tal og budsjett,men her er dei allerede byrja å kutte.. Sjå og på slutten av dette dokumentet, der det står at ein ved nedlegging av grendaskular kan spare pengar, og at ein bør legge om skulesturkturen!!!! Om ein opprettheld kommunen sitt invisteringsniva so er det ikkje til å kome vekk frå at ein må kutte i driftsutgiftene so det monnar les eg av dette… LES SJØLV: http://sensff26.sf-f.kommune.no/kommunar/luster/k2pub.nsf/viewAttachments/41256B120049A392C12575BC0055B233!opendocument&frame=yes Dette håpar eg er linken til det rette dokumentet. Ein må og kutte i helse og sosialbudsjettet so det monnar etter det eg forstår.
Luster kommune brukar ein del pengar i året på bygdeutvikling. Det gjer bygdelaget i Jostedalen og dei andre delane av Luster og. Me vil gjerne at folk skal bli verande\flytte til bygdene våre. Me vil ha eit levande lokalsamfunn med skule og barnehage i nærområdet. Her i Jostedalen er og samfunnshuset ein plass der spesiellt barnefamiliane, men og andre møtest. Det er masse besøk på på tysdagane når det er vaffelkafe. Det er heilheita som gjer denne dalen til ein bra plass å bu. ( jadda- eg veit eg syt og klagar når vinteren er som mørkast, men lell då :-) )Misser ein det eine, er det lett for at andre ting forsvinn og. Døme: misser me 5-7 klasse på skulen trur eg ikkje det er lenge me har skulemusikken gåande framst i toget på 17 mai….. Nei å kutte skulebudsjett , flytte elevar og å kutte ned på helse og omsorg er ikkje måten å spare på er mi meining! Har me nokre politikarar som er vakne her i dalen/kommunen? Er me vakne?
Dette må då vere for gale- det er vel ikkje berre eg som meiner det?
Morten said,
June 18, 2009 at 4:14 pm
Har ikkje lese alle sakspapirene, men om dette stemmer og det blir eitt reelt alternativ so blir det nok månelyst og vel so det.
Kanskje ein bør foreslå eitt vedtak om at rådmannen skal vere busett i luster slik at skatteinntekta kan plussast på budsjettet………..