Vakker og varm sommarkveld i Bukve

June 25, 2009 at 11:00 pm (2009, deilige dagar ..., juni)

Eg rusla opp for å finne att vatnet i brønnen i kveld. Fjerna rusk og renska tette silar. Det merkast at det smeltar og er varmt, for bekkane (og elva)  er stor og har med seg masser av allslags . No renn det att  og eg er nøygd med meg sjølv :-)   Det var 17  grader klokka 24 og all myggen hadde gått og lagt seg.  Fin kveld. Eg har sete ei stund på trappa med sitronmyntedrykk , ei bok og nytt kvelden.  Slik skal sommaren vere!

Ellers er sommaren drivhus og åker. Det er ikkje mange dagane til det fyrste jordbæret kan nytast. Nam nam, eg gledar meg. Urter vert brukt i all slags mat for tiden. Flere typar salat og ruccula er eteklar, og grøne minitomatane lovar godt i drivhuset.  Squash og fleire typar graskar står i kompostbed ute, dei siste planta ut frå drivhuset i går. To får stå att inne for å gi tidlegare avling.  Potene kjem fint- dei har eg auka i dag :-) Gulerøtene veks godt, det gjer og 7 typar reddik og litt neper. Masser av ertrabukkar skal det bli utover sommaren. Neste prosjekt – kanskje morgondagens- er å lage klatrestativ til dei. Ellers har eg fått meg bringebæråker i år, men det vert nok ikkje bær før til neste år. Har ei liten del av åkeren med lin og ringblomster- det er so fint utover seinsommaren og  hausten. Chilli og paprika veks fint, det gjer og agurkplantane. To typar i år. 

Ellers er sommar Breheimsenteret og tyskengelsspanskbabbel, sommararbeidarane som kjem att år etter år, og pistasjeis med kaffi attåt. Jonsokfeiring med bål og lam steikt i kokegrop ved  Gamlehotellet med kjekt selskap. Vermeldingen seier mange mange grader og sol kvar dag i over ei veke framover- mmmmm. Bra greier

Post a Comment