SQUIQQQCZ….. og so forsvann idyllen brått!!! Vestsideutbygginga er faretruande nær..

June 26, 2009 at 7:46 am (2009, NEI NEI NEI!!!, juni)

  NEI NEI OG ATTER NEI!!!  Dei er so definitivt i gang!  Statkraft vil   legge resten av dalen vår i røyr. Ikkje øydelegg naturen vår for dei som kjem etter oss- eller for oss sjølve for den sin del. Eit slikt inngrep er ikkje reversibelt. http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article4425102.ece 

Me hadde ein diskusjon om same temaet hausten 2007. Les her :http://jostedal.wordpress.com/2007/09/26/eg-har-lese-sogn-avis-att-eg/

5 Comments

  1. Karin said,

    Ditta bli krig, trur eg;) Same kva resultatet blir. Eg får seie det same her so eg gjorde på Eli sin blogg… At det er slek med statkraft so med unga; når det er stille for lenge so pønska dei på faenskap!

  2. kjellrun said,

    Det er eg enigi. so lurer eg på det same som Eli, når skal dette behandlast ? For det kan ikkje vere bestemt utan at me har hatt sjangsen til å sei noko. Det med å seie noko foresten, det er vel viktig KVAR ein seier ting- å blogge er vel ikkje den store hjelpa skal ein få fram kva ein meiner. Trur eg får ringe nokon eg kjenner :-)

    • thoresb said,

      Gjør det. Du har min fulle støtte. Kanskje fortsetter initativet bloggmessig hos “rypa”?

  3. Ove said,

    Rein fornybar energi er mangelvare, bygg ut. Kva hadde Luster kommune vore utan vasskraft? Her i kommunen hadde det vore langt mellom samfunnshusa, skular, og omsorgsplassar ++. Ikkje stopp med dette, opphev vernevedtaka og dem ned Bergsetdalen, Breadalen, og Fåbergstølen. Stort sett berre kratt, skog, mygg, myr, blom, og anna svineri. Rennande vatn ser me ikkje likevel. Alt gror att. Dei kunstige innsjøane hadde vorte ein mega turistattraksjon med båtar i mange variantar.

  4. rypa said,

    Eg har posta fylgjande kommentar på min eigen blogg i kveld:

    Samd med Ingar om debattnivået. Og så er jo det båe sider sitt ansvar – det kan ikkje berre kvile på utbyggingsmotstandarane å vere skikkelege og saklege.

    Ein openberr strategi for både Statkraft og utbyggingstilhengjarane vil jo vere å lene seg attende, knegge, og vente på vedtaket i kommunestyret, ettersom ‘alt’ tyder på stort fleirtal for turrlegging. Det kan likevel ikkje vere slik at det ikkje skal vere lov til å vise motstand mot utbyggingsplanane, og det kan ikkje vere slik at ein difor skal kutte heile motstanden og gå i ‘forhandlingar’ i staden. Eg er sjølvsagt samd med Ingar i at Jostedalen må få alt ein kan karre til seg i det det eventuelt er klart at utbygginga vert, og Ingar sine framlegg er gode, men det er ingen grunn til at folk som faktisk er imot utbyggingsplanane skal gå inn i diskusjonen med det perspektivet.

    Difor er eg òg no skeptisk til om det vert slik at Jostedal Bygdelag no berre skal ta posisjonen ‘kva kan me få ut av det’. Det er det det same som å seie ja til utbygging, for det kan sjølvsagt brukast uhemma av kommunen og Statkraft (”jostedølene, v/bygdalaget har no ikkje sagt nei til utbygging, dei har i staden sagt at dei vil ha ditts og datts…). Eg skulle jo ynskje at bygdelaget sa nei til utbygging. Og javel, om det er utelukka, bør det vere like utelukka at dei seier ja ved å seie “ja, men me vil ha…”.

    Dessutan er det ein taktikk i seg sjølv frå utbyggingstilhengjarar si side å hevde at alt allereie er avgjort. Det er for det fyrste logisk sett ikkje sant. For det andre er det ikkje uvesentleg på kva måte ei sak vert avgjort.

Post a Comment