Squash og graskar…..
I eit ( og eit til vart det vist… ) skikkleleg kompostbed veks det squash og graskar i massevis. Meir enn massevis, faktisk. Me har squash til middag kvar dag for å halde unna. Nokre er gitt vekk og andre putta i frysen omgjort til lettvint middag til vinteren
I år har eg fleire forskjellige typar. Det er moro å sjå kva som veks fram etter at dei har blomstra med store knallgule blomster
Ein Yougoslavian finger squash.
Heilt vanleg grøn squash, “Defender” heiter den.
Dette trur eg blir lyktegraskar
Gul graskar som eg ikkje veit kva heiter.
“Vegetable spagett” Denne skal sjå ut som spagetti på innsida når den er ferdig om ein månads tid.
“Table danty “ Kvitt fruktkjøt som kan syltast med ingefær og eddik- knakande godt til kjøttkakene!
Eller skal der vere “uchiki kuri” , ” early white bush scalloped” og enno nokre til. Eg har vist mista kontrollen
……På disken ligg det nokre og ventar i dag og. So då so
Til verket!
Slik apropos utbyggingsplanar…
Eg høyrde ei dame på radioen i går. Ho hadde vore stortigsreferent i omtrent heile sitt yrkesaktive liv. Det vil sei at ho nok har høyrt meir på politikarane og fulgt fleire diskusjonar enn dei fleste. Alltid politisk nøytral seier ho at ho har vore. Men no måtte ho sei noko…
Ho vart teken med av ein reportar frå NRK radio for å for fyrste gong sei si meining til dei politikarane ho i so mange år har høyrt på. Det ho sa var : Alle elvane og bekkane våre er verdifulle i seg sjøl. Ikkje bygg dei ut!
Tenk på det, so mange år med betydnigsfulle saker som har komme og gått, og so er det utbygging ho vel å kommentere … Vetug dame dette
Litt sommar som lir mot haust
Ein ekte fiskar på stølen for ei stund sidan.
Litt av fangsten frå hagen. Ein del av tomatane er det no vorte pizzasaus av i saman med basilikum frå drivhuset.
Kul luftløk
Piggete agurk som smakar godt
Litt prosjekt må ein ha inne og sjølv om det er sommar
Bilete av nye grønsakavdelingen teke for 14 dagar sidan.
Eg trudde eg hadde vilniss då, men det er verre no
Eller betre kanskje ein kan sei. Det tyt ut med squash og graskar i alle retningar, erter, poteter, neper, salat, tomat, agurk, gule og lillarøter, mangold, skonsonerrøter og endå noko til.
Ripsen er plukka, i alle fall dei som ikkje fuglane har hatt fest og ete opp. Det hadde dei so definitivt gjort med solbæra, men pytt sann, eg lagar saft av blada i staden for
Nokre småslengarar av rabarbra som står att skal bli saft og. Eller har eg vore på tyttebærtur der det kom med ein liten pose krekling heim og. Jammen meg er det fint med haust .
Slik ellers so rigna det litt her hin kvelden. Kvelden var skikkeleg varm med fønvind som gjekk over til kraftig vind. Eg vakna i halv tre tida av at det bråka ute, eg trur eg høyrde vegen reiste sin veg. So då var det på med gummiskorne og fram med krafsa. Vegen den er der enno den, og spora vart ikkje so ille denne gongen. Men då eg stod der og vart suppande blaut midt på natta hadde eg nokre arge tankar om det vatnet som eg stadig vekk er og leitar etter og blir suppande blaut av i brønnen …… Ekje det det ein so er det det andre
Sjå ellers www.vestsida-vigdøla.no og inlegget på bloggen til Rupa i dag http://www.jostedalsrypa.no/blogg/?p=1103
Breim, Årdal og Fjærland…
Småfisk i bekken , på stonga og i panna
Det er fint det! Varme dagar og avkjølande bad . Slik kort oppsummert avslappande stølstur til Breim.
So var det Målrock. . Fantastiske Vamp opna. Dei kunne godt spelt heile fredags kvelden for min sin del, for resten av den kvelden skuffa. Det eg trudde skulle bli helgas høgdepunkt vart heller nedturen- Turboneger altso. Gjer seg definitivt best på ipoden! hm… hadde berre Hank v h heldt munn mellom låtane hadde det kanskje ikkje vore so ille når eg tenkjer meg om- nok om det. .. Laurdagen var bra frå ende til anna. Bjørn Eidsvag og Eagels på sogning var bra som bakgrunnsmusikk. Strupekuttarane var overaskinga- eg storkosa meg! Valkyren Allstars rocka mest. Den plata manglar i samlinga mi, men kjem ikkje til å gjere det lenge
Berre synd norkre NEK av nokre årdøler fann ut at det var passande å ha skikkeleg høg lydprøve for Kaizers under konserten til Valkyrien. Den som var ansvarleg for slikt noko hadde fortjent eit skikkleg spark bak! Men Kaizers er det komplett motsatte av Turboneger- superenergisk på scena og skikkeleg bra musikk !! Ellers… alltid reine dassar er eit pluss, kanskje eit lite minus for innføring av eit ølbongsystem som skulle minske ølkøen. ( Einaste problemet med det er at det er fyrste gongen eg har vore på Målrock og stått i kø- for å kjøpe bongar.Har aldri vore kø på ølkjøpå der før. Ja, ja) Med flott festivalcamp og hyggleg selskap er eg stadig trufast målrockfan.
So den perfekte kompinasjon av jobb og fritid, der ventetida vart nytta i bokbyen. Bøker, bøker so langt ein kan sjå. Eg kom heim med fleire bereposar. Trur eg må ha meg fleire bokhyller
Kaffi på brygga til Marte og Trygve vart det og tid til. Ellers har eg vorte suppande blaute i jakten på vatnet i brønnen to dagar på rad. No er jakta over, og trofeet er rennande vatn i springen! Og innimellom der- gjesteopptreden med målarkost, trillebår og såpevatn. Når ein då sleng på litt urter og squash so skulle det oppsummere siste halvanna veka.