FLYTTING AV 7 KLASSE TIL GAUPNE FRÅ NESTE HAUST seier Luster kommune i budgettframlegget
I dag kom budgettframlegget til Luster kommune. http://www.luster.kommune.no/sogn/luster/lusterk.nsf/5ad33317a6a3e6e6c125693b003310a3/80faa4ab18c4e97dc125765e003ec8ac/$FILE/Budsjett%202010,%20%C3%B8k.plan,planleggprogr.%2029.10.09.pdf
Det skulle ikkje ta lang tid før SLUKEN byrja å renne. Her kjem innsparingane på rekke og rad. Det er dei svakaste som får svi, sjølvsagt. Skule, helse og omsorg. Auka kostnader for einskildpersonar er det Luster kommune legg til grunn for innsparinga, både økonomiske og sosiale kostnader. Dei bygger ned barnehagetilbodet slik at dei som jobbar deltid kjem til å få eit skikkeleg dilemma, i tilegg let ein foreldra betale meir: ”…. For barnehagar vil satsane for reduserte plassar bli oppjusterte for 2010. Frå 2011 vil den store fleksibiliteten som ligg i mange variantar av plassstørrelsar barnehagar bli vurdert. dette vil kunne føre til meir tenleg drift i barnehagane. Vidare vil innsparingskravet i høve til Luster bad bli teke ut” Sfo skal betalast i heile og halve plassar , ikkje på timebasis slik som no.
So var det skulane sin tur: Budgettet legg opp til at dei som no går i 6 klasse i Jostedalen, Indre Hafslo og Skjolden skal byrje i 7 klasse i Gaupne og Dale. Tiltaket kan sjåast på som ei framskunding av innsparingstiltaket i høve til Luster bad.Oppvekstsenter med kobling barnehage- småskule ( 1-4 klasse…. ) er ei løysing som på sikt skal vurderast.
Helse og omsorg: Auka satsar for omsorgsplassar, husleige, heimehjelp. Nedlegging av eldresenteret i Jostedalen, Gradvis avvikling av sjukeheimspost ved Hafslo …………
Kultur. Bygdebokprosjektet må vidareførast, men innsparingar må påreknast pga Luster bad.
Innanfor teknisk felt må innsparingar konkretisertast i høve til Luster bad.
Og kvifor må ein spare? !!!!!!!
34 millinomar- forskotteringar Gullringen. ( som vert mange mill dyrare enn planlagt)
28 mill til ny barnehage i Gaupne.
Luster bad: 92,6 mill
Omsorgsbustader Gaupne: 14 mill
Kva er største SLUKET? Kva er det ein driv med? BYGGER NED TENESTER I BYTE MED LUKSUS ? !!!!!!
Eg ser på forslaget om å flytte 7 klasse til Gaupne no til hausten, som fyrste steget til flytting av heile mellomtrinnet. Fagre ord om robuste einingar betyr ikkje noko som helst. Det det i praksis betyr om 7 klasse vert flytta er td:
LAAAAAAANG skuleveg for framaføringane. Heile fritida deira skal gå vekk i å kjøre buss. Og det er ikkje valfritt. Alle MÅ gå på skulen i dette landet. Det er levande born det er snakk om her, ikkje tal i ei kolonne. Eg lurer på om politikarane i det heile teke tenkjer på det.
Mindre sosialt miljø for dei som er att på skulen. Jostedal skule har svært gode resultat når det kjem til nasjonale prøvar. Null mobbing og god trivsel kunne ein lese i Sognavis for ei tid attende.
Kva med JSA og skulemusikken….. kva med og kva med???
Luster bad er veddteke. No er det opp til politikarane å ikkje øydelegge utkantane i Luster kommune fordi dei må spare. Heller ikkje gjere det mindre attraktivt å bu i denne kommunen som ein gong var den beste kommunen i landet å bu i… for det er det dei gjer med dette om budgettet går gjennom!
Sjå og diskusjonen om skulen i Jostedalen frå tidlegare: http://jostedal.wordpress.com/2009/06/21/sjokkerande-nyhende-i-klartekst/
Om nokon kommenterer på denne posten- bruk fullt navn. Anonyme kommentarar vert sletta.
Vestsida-vigdøla sak i kommunestyret 29 oktober
I kommunestyret den 29 oktober skal det snakkast om ” Forslag til utgreiingsprogram for Vigdøla kraftverk, overføring av Vestsideelvane og heving av dam Tunsbergdalsvatnet, Luster kommune – høyring” står det å lese på Luster kommune si heimeside. Her legg eg lenka til saksdokumentet :
Her står det og litt om innspela som alt er kome inn.
EG seier berre NEI NEI NEI! Ta vare på det me har att av urørd natur i dalen vår!!!!!
Ein sardell og ei sardin på Sardinia…..
Heilt grei utsikt å vakne til nokre dagar…. Når ein so kan tusle ned ei trapp og få cappuchino til frukostenå er lukka gjord!!
Jostein på by sightseeing
Cala Gonone. Varmt og vakkert.
Cala Fuili. Fine plassen berre eit liten biltur vekke. Der var det ein fjellvegg til Jostein og eit hav til smurfen
Smurf frøken. 
To mål for dagen: Rydde resten ute og reise til varmare strøk!!!!