FLYTTING AV 7 KLASSE TIL GAUPNE FRÅ NESTE HAUST seier Luster kommune i budgettframlegget

October 30, 2009 at 2:23 pm (2009, NEI NEI NEI!!!, oktober)

I dag kom budgettframlegget  til Luster kommune. http://www.luster.kommune.no/sogn/luster/lusterk.nsf/5ad33317a6a3e6e6c125693b003310a3/80faa4ab18c4e97dc125765e003ec8ac/$FILE/Budsjett%202010,%20%C3%B8k.plan,planleggprogr.%2029.10.09.pdf

 Det skulle ikkje ta lang tid før SLUKEN byrja å renne.  Her kjem innsparingane på rekke og rad. Det er dei svakaste som får svi, sjølvsagt. Skule, helse og omsorg. Auka kostnader for einskildpersonar er det Luster kommune legg til grunn for innsparinga, både økonomiske og sosiale kostnader. Dei bygger ned barnehagetilbodet slik at dei som jobbar deltid kjem til å få eit skikkeleg dilemma, i tilegg  let ein  foreldra betale meir:  ”…. For barnehagar vil satsane for reduserte plassar bli oppjusterte for 2010. Frå 2011 vil den store fleksibiliteten som ligg i mange variantar av plassstørrelsar barnehagar bli vurdert. dette vil kunne føre til  meir tenleg drift i barnehagane. Vidare vil innsparingskravet i høve til Luster bad bli teke ut”   Sfo skal betalast i heile og halve plassar , ikkje på timebasis slik som no. 

So var det skulane sin tur: Budgettet legg opp til at dei som no går i 6 klasse i Jostedalen, Indre Hafslo og Skjolden skal byrje i 7 klasse  i Gaupne og Dale. Tiltaket kan sjåast på som ei framskunding av innsparingstiltaket i høve til Luster bad.Oppvekstsenter med kobling barnehage- småskule ( 1-4 klasse…. ) er ei løysing som på sikt skal vurderast.

Helse og omsorg: Auka satsar for omsorgsplassar, husleige, heimehjelp. Nedlegging av eldresenteret i Jostedalen, Gradvis avvikling av sjukeheimspost ved Hafslo …………  

Kultur. Bygdebokprosjektet må vidareførast, men innsparingar må påreknast pga Luster bad.

Innanfor teknisk felt må innsparingar konkretisertast i høve til Luster bad.

Og kvifor må ein spare? !!!!!!!

34 millinomar- forskotteringar Gullringen.  ( som vert mange mill dyrare enn planlagt)

28 mill til ny barnehage i Gaupne.

Luster bad: 92,6 mill

Omsorgsbustader Gaupne: 14 mill

Kva er største SLUKET? Kva er det ein driv med? BYGGER NED TENESTER I BYTE MED  LUKSUS ?  !!!!!! 

Eg ser på forslaget om å flytte 7 klasse til Gaupne no til hausten, som fyrste steget til flytting av heile mellomtrinnet. Fagre ord om robuste einingar betyr ikkje noko som helst. Det det i praksis betyr om 7 klasse vert flytta er td:

LAAAAAAANG skuleveg for framaføringane.  Heile fritida deira skal gå vekk i å kjøre buss. Og det er ikkje valfritt. Alle MÅ gå på skulen i dette landet.  Det er levande born det er snakk om her, ikkje tal i ei kolonne. Eg lurer på om politikarane i det heile teke tenkjer på det.

Mindre sosialt miljø for dei som er att på skulen. Jostedal skule har svært gode resultat når det kjem til nasjonale prøvar. Null mobbing og  god trivsel kunne ein lese i Sognavis for ei tid attende.

Kva med JSA og skulemusikken….. kva med og  kva med???

Luster bad er veddteke. No er det opp til politikarane å ikkje øydelegge utkantane i Luster kommune fordi dei må spare. Heller ikkje gjere det mindre attraktivt å bu i denne kommunen som ein gong var den beste kommunen i landet å bu i…   for det er det dei gjer med dette om budgettet går gjennom!

Sjå og diskusjonen om skulen i Jostedalen frå tidlegare: http://jostedal.wordpress.com/2009/06/21/sjokkerande-nyhende-i-klartekst/

Om nokon kommenterer på denne posten- bruk fullt navn. Anonyme kommentarar vert sletta.

8 Comments

  1. grokirsti said,

    Dei so for vel ein månad sia, sa ja til Luster Bad, Drit no vel ein lang i om ongane i Jostedalen må reise lange strekningar for å gå på skulen. Fyrst tek dei 7 klasse, so går resten etterkvart. Gåpningane har eit kjempe badeanlegg å skryte over, bygdene rundt betalar prisen. HEL….

  2. Jostein Aasen said,

    no lyt du slutte å vere så negativ. Desse innsparingane har ingenting med badedammen i Gaupne å gjere. Det har formannskapet lova oss. Det kan sjølvsagt vere vanskeleg å sjå at ein har råd til det eine, men ikkje til det andre. Men det har jo sjølvaste ordføraren fortalt oss at me ikkje har kompetanse til å forstå. Og desse kloke politikarene har me sjølve valt. (ikkje det at dei eg stemte på kom til makta då, men det er vist slik demokratiet fungerar, og demokrati er jo bra, så då er det også bra med badedam og nedlagde skular. )

  3. Jostein Aasen said,

    Gro Kirsti: det er no det same om ungane går på skule i Jostedal eller i Gaupne? dei lyt no uansett til Gaupne for å bade både titt og stadig. Og det skal no du også vel? Du kan få mine 12 turar. eg har blauta leggen i breavatnet, det er nok både for i år og neste år.

  4. grokirsti said,

    Ikkje det same kest ongane går på skule, nei. Men eg kjenner deg Jostein. Lurer ikkje meg. Provoserar ikkje meg;-)

  5. Eli Bjørhusdal said,

    Oddmund har òg blogga om dette no:

    http://www.krundalen.no/blogg/?p=562

  6. Morten said,

    Har lagt inn denne kommentaren på Krundalsbloggen:

    Når rådmanen kjem med påstandar som at elevane får “meir optimale utfordringar, fagleg og sosialt, i noko større pedagogiske fellesskap”, bør ein sjå på testar som nasjonale prøvar og olweus programmet gir. Det er sovidt henvist til nasjonale prøvar i budsjettframlegget, men dette er kun på kommunenivå. Er det i røynda slik at det er dei større einheitane som har det beste resultatet? Eg trur eg veit svaret. Me har og lese i Sogn Avis om topp resultater i Olweus undersøkingar for Jostedal skule. Får ikkje dette heilt til å stemme.

    Eg må og få seie at som innfødt “lustring”, som har vore ute i verda og flytt heimatt til trygge og gode Luster Kommune, er eg skamfull over at det kan komme ut eit offentleg skriv frå administrasjonen i kommunen som svart på kvitt seier at me må redusere kvaliteten på dei sosiale tenestene som skule, barnehage, SFO etc for å finansiere eitt badeanlegg. Ikkje minnst er eg skamfull ovanfor dei som har flytt frå andre stadar både i Norge og utlandet for å busetje seg i utkanten av “norges beste kommune”.

  7. marit said,

    Eg vert berre så uendeleg lei meg, sjølv om eg veit det er svært lite konstruktivt.

    Når me flytta hit synte det seg at Jostedalen hadde verdas beste barnehage. Og etter eit halvt år her fekk me nok ei gledeleg overrasking; her oppe fanst og verdas beste skule! Det var for godt til å vere sant! Dette kunne til og med stadfestast på papir i form av nasjonale prøver og olweus-undersøkingar.

    Verdas beste skule i verdas beste kommune, trist at det faktisk var for godt til å vere sant!

  8. Eli Bjørhusdal said,

    Oddmund har blogga om bruk og misbruk av forsking på små og store skular:

    http://www.krundalen.no/blogg/?p=568

Post a Comment