Det var ein gong ein deilig midddag..
Grønsaker frå hagen..

Vart til pastasaus

Som eg åt attåt heimelaga pasta.
Litt pai med ferske bær frå hagen til dessert
Ellers… bondepønnepesto og graskarbrød.. og slikt noko
Bønner…
Dei er rett og slett skikkeleg pene der dei ligg i skolmen sin med eit mjukt hol til kvar bønne. 
På tur i eige fylke….
Ei statuegeit
Og so ei ekte
Og med heim att vart det både pølse og geitost
Finfisk !
Lurar på kvifor to fiskar, fiska på nøyaktig same plassen ,har forskjellig farge på kjøtet. Den eine raud og fin, den andre heilt kvit. Skulle ikkje tru at dei kunne finne so mykje forskjellig å ete…

Squash og graskar…..
I eit ( og eit til vart det vist… ) skikkleleg kompostbed veks det squash og graskar i massevis. Meir enn massevis, faktisk. Me har squash til middag kvar dag for å halde unna. Nokre er gitt vekk og andre putta i frysen omgjort til lettvint middag til vinteren
I år har eg fleire forskjellige typar. Det er moro å sjå kva som veks fram etter at dei har blomstra med store knallgule blomster
Ein Yougoslavian finger squash.
Heilt vanleg grøn squash, “Defender” heiter den.
Dette trur eg blir lyktegraskar
Gul graskar som eg ikkje veit kva heiter.
“Vegetable spagett” Denne skal sjå ut som spagetti på innsida når den er ferdig om ein månads tid.
“Table danty “ Kvitt fruktkjøt som kan syltast med ingefær og eddik- knakande godt til kjøttkakene!
Eller skal der vere “uchiki kuri” , ” early white bush scalloped” og enno nokre til. Eg har vist mista kontrollen
……På disken ligg det nokre og ventar i dag og. So då so
Til verket!
Slik apropos utbyggingsplanar…
Eg høyrde ei dame på radioen i går. Ho hadde vore stortigsreferent i omtrent heile sitt yrkesaktive liv. Det vil sei at ho nok har høyrt meir på politikarane og fulgt fleire diskusjonar enn dei fleste. Alltid politisk nøytral seier ho at ho har vore. Men no måtte ho sei noko…
Ho vart teken med av ein reportar frå NRK radio for å for fyrste gong sei si meining til dei politikarane ho i so mange år har høyrt på. Det ho sa var : Alle elvane og bekkane våre er verdifulle i seg sjøl. Ikkje bygg dei ut!
Tenk på det, so mange år med betydnigsfulle saker som har komme og gått, og so er det utbygging ho vel å kommentere … Vetug dame dette
Litt sommar som lir mot haust
Ein ekte fiskar på stølen for ei stund sidan.
Litt av fangsten frå hagen. Ein del av tomatane er det no vorte pizzasaus av i saman med basilikum frå drivhuset.
Kul luftløk
Piggete agurk som smakar godt
Litt prosjekt må ein ha inne og sjølv om det er sommar
Bilete av nye grønsakavdelingen teke for 14 dagar sidan.
Eg trudde eg hadde vilniss då, men det er verre no
Eller betre kanskje ein kan sei. Det tyt ut med squash og graskar i alle retningar, erter, poteter, neper, salat, tomat, agurk, gule og lillarøter, mangold, skonsonerrøter og endå noko til.
Ripsen er plukka, i alle fall dei som ikkje fuglane har hatt fest og ete opp. Det hadde dei so definitivt gjort med solbæra, men pytt sann, eg lagar saft av blada i staden for
Nokre småslengarar av rabarbra som står att skal bli saft og. Eller har eg vore på tyttebærtur der det kom med ein liten pose krekling heim og. Jammen meg er det fint med haust .
Slik ellers so rigna det litt her hin kvelden. Kvelden var skikkeleg varm med fønvind som gjekk over til kraftig vind. Eg vakna i halv tre tida av at det bråka ute, eg trur eg høyrde vegen reiste sin veg. So då var det på med gummiskorne og fram med krafsa. Vegen den er der enno den, og spora vart ikkje so ille denne gongen. Men då eg stod der og vart suppande blaut midt på natta hadde eg nokre arge tankar om det vatnet som eg stadig vekk er og leitar etter og blir suppande blaut av i brønnen …… Ekje det det ein so er det det andre
Sjå ellers www.vestsida-vigdøla.no og inlegget på bloggen til Rupa i dag http://www.jostedalsrypa.no/blogg/?p=1103




