Godt nytt år!!!
Nyttårsafta og hurra! Snøen dalar forsiktig ned ute, juletreet skin i stova og jostein lagar mat på kjøkken. Me har hatt formiddagsbesøk som beundra nyinstallasjonane og Jostein har sjølvsagt gått seg ein skitur. Om ikkje lenge skal me reise på nyttårsaftafest. Jula har vore skikkeleg kjekk. Ein rett so hyggeleg hyggeleg 3 dags fest, for ikkje å snakke om 1 dags lag. Besøk i heimen og besøk i heimar. Julafta hjå bestemor. Bra quiz i går kveld på hotellet
Skikkeleg dårleg på ol, ikkje so verst på dialekt og lett underhaldning
Spørsmåla testa på foreldre i dag, dei slo meg på julesongvers og ol, men ikkje på årstal
Eg ynskjer alle som ein eit godt nytt år!! So var det so at eg har ein litt halvfornærma storevitlebror….. Gratulerer med dagen på nettet, Audun !!!!! 
Etterlysning!
Kan den som har lånt filmen “polarekspressen” av meg levere den attende snarast?!!! Eg har nemleg lyst å sjå den! Og boka “L” kan eg ikkje komme på kven som lånte. OG, og , og…….. Dette minner meg på at NO skal eg lage ei oversikt over bøker og DVD ar med skikkeleg utlånsystem, slik at eg veit kven som låner kva. OG det minner meg på at eg har ein boks DVD ar som skal ut frå mi hylle og heim til eigerinna
Vakkert so lenge var ……..
Det var nokre nydelege dagar me hadde før regnet satte inn. Gnistrande vintersnø i låg sol…
Ellers so har eg tenkt ein del over ka ein skal bekymre seg over i verden i dag. Terror i India, kaos i Thailand og ……. sist men ikkje minst, kven som køyrer bil kvar! Eg kjenner nokon som brukar å sei ” ja, ja, er ikkje løge det e krig i verden, nei…! Det var vel det eg hadde å sei om den saka i kveld.
Vinmarker ved Avignon
Ikkje so ille der….. Og her eg set , ser eg at snøen har krope ned på Haugafjellstølen, det er vissenbrunt i fjellsidene og det er atter ein regnkave på veg nedi dalen. Sukk!
På den andre sida skal ein vere glad for internett, alltid noko nyttig å finne der! http://www.dagbladet.no/nyheter/2008/10/19/550747.html
Opning av Jostedalskontoret.


Har nett vore på opning av det nye kontorfellesskapet på industribygget, Jostedalskontoret. Eli sang og tala, Marit tala og. Endå til ordføraren tala og klypte bandet. Delige økologiske bringebær frå Åne, og rettferdig kaffe – kan det betre bli?! Kontoret er fullfinansiert av bygdalaget, og har enno ein ledig plass kunne dei fortelje. TIl lukke !!
På haiketur med kombicamp :-)
Kalvatreet stiller med eigen blogg!
Kven skulle trudd at Thore skulle få seg blogg, rett nok eit hjørna av Gry sin, men lell:-)
Me gledar oss til å fylgje livet på Nordseter ,og ikkje minst Kalvatre!
Finn linken i bloggrollen!

