Ylva
Fødd 20 januar 2012 klokka 2035 i Førde.
Ho vog då 3410 gram og var 50 cm.
No er ho ein månad og noko større- men like fin
Trakk, trakk, trakk
På ein deilig spasertur med hundane i varm sol i dag, møtte eg dette synet nedpå grandane. Flott ny trakkemsakin og bra karar som trakka løype. Karen bak trakkemaskina var i høgaste grad klar

Godt teikn at det ikkje var mange meter mellom maskina og første skiløpar…
Det var og andre som var ute og prøvde nypreppa spor i dag. No gledar eg meg til gnagsåra forsvinn og det vert min tur
Sol, sol, sol..

Det dryp frå taket i sola no….

Slike dagar er fine, med kaffi og godt selskap attepå
8 februar 2011
Snømålepinnen viser slik ca 140 cm snø, når ein ser vekk frå den vesle haugen som legg seg attmed pinnen. 
Søndag morgon måtte det jobbast litt før gjestene fekk ut bilane..

Snøfresaren og eg…
Hm.. lurer på om Jostein er på tur…? Det er berre til å kike ut glaset. Er det kome ei relativt stor mengd snø i natt, kan du rekne med at han er vekke
Men heldigvis har eg ein ven med motor, og Jostein sine øyreklokker med radio.Og som betre er, har eg ein ven med traktor. Han er eg glad i i dag, hihi.
Dette er ikkje bilete frå sist snøfall, det er teke 11:15 i dag…
Formiddagskaffi…
Formiddagskaffi med fersk avis ![]()

Og slik ellers- det er mildt og glatt, men akkurat no smiler det i litt blå himmel. Det bikkar nett so vidt 80 cm snø på snømålepinnen og chillifrøa spirer fint- ein veit det går mot vår
Vinterferie.. på ein måte.
Ein liten skitur for å få feriefølelsen inn. Og det er fint på slike dagar!! Ikkje noko å utsetje på turfylgje denne gongen heller
Den finaste stølstrimpostkassa må dette vere
So , då er det vel på tide å jobbe litt- vinterferie eller ei :.-)
Slik ein gong i desember…
….var det fantastiske forhold på breavatnet.
Kort sesong, men moro so lenge det varer
Søndagstur
Ut for å nyte finveret, inn for å nyte fargane. Heldig er den som har turfylgje og trekkhund
Møyr Jostedal Massasje
Er meg og Anne Marte. Me masserer støle musklar og trykker i veg på ømme punkt. Me held til på eldresenteret i Jostedalen, men me kan og ta med oss massasjebenkane ut i verda
Sjå nettsida vår : http://jostedalmassasje.blogspot.com/
Me er og å finne på fjellsportfestivalen i Sogndal med spesielle ski og klatremassasjetilbod, eller massasje for den som berre vil ha det godt.
