Squash og graskar…..

August 30, 2009 at 12:56 pm (2009, Hagen, august, deilige dagar ...)

DSCN3541    I eit ( og eit til vart det vist… ) skikkleleg kompostbed veks det squash og graskar i massevis. Meir enn massevis, faktisk. Me har squash til middag kvar dag for å halde unna. Nokre er gitt vekk og andre putta i frysen omgjort til lettvint middag til vinteren :-)   I år har eg fleire forskjellige typar.  Det er moro å sjå kva som veks fram etter at dei har blomstra med store knallgule blomster DSCN3532 Ein Yougoslavian finger squash. DSCN3530  Heilt vanleg grøn squash, “Defender” heiter den.  DSCN3540  Dette trur eg blir lyktegraskar :-)    DSCN3529Gul graskar som eg ikkje veit kva heiter.      DSCN3538  “Vegetable spagett” Denne skal sjå ut som spagetti på innsida når den er ferdig om ein månads tid. DSCN3535  “Table danty “  Kvitt fruktkjøt som kan syltast med ingefær og eddik- knakande godt til kjøttkakene!

Eller skal der vere “uchiki kuri” , ” early white bush scalloped” og enno nokre til. Eg har vist mista kontrollen :-) DSCN3581   ……På disken ligg det nokre og ventar i dag og. So då so :-) Til verket!

Permalink 1 Comment