Ja, ja…

January 16, 2011 at 3:45 pm (2011, januar, snø)

Den kvite haugen er bilen min i dag. …
Snøfresaren er min ven!

Snømåleipnnen i hagen viser 130 cm snø i ettermiddag….
No klokka 16:50 er det minus 1,8 her. Tru det eller ei, men jammen meg håpar eg at det ikkje vert regn av den nedbøren som skal komme dei neste dagane. Då blir det slaps og hålke og ein ufjelge nedoverbakke frå Mjølversgardane.

Permalink Leave a Comment

Fånnfårle :-)

January 4, 2011 at 11:07 am (2011, deilige dagar ..., januar, snø, Uncategorized)

Berre eit par linkar i dag, me fånnfårevarsel :-) Det er nemleg svært stor skredfare i dalen no, til og med der ein alltid har gått og sagt det er trygt, skal ein passe seg… Og det kjemme seg vist ikkje atte før det har vore eit mildvær heilt til fjells,so det kan vare ei stund. Eg får gå i fine spor på Bjønnstegane i staden for, eller kanskje rota fram sparken frå skålaloftet. Eller kanskje berre trykke litt på datamaskina :-) Hi, hi

Fyrst til Jostein som har filma eit skred:

Og so til Bjørnar som fortel at det der hinsides skredfarleg over alt!

Permalink Leave a Comment

Ein mumie, litt fisk og ei bok….

February 3, 2010 at 4:24 pm (2010, deilige dagar ..., januar)

  Mumien kom på besøk ein sein kveld. ….    Vart kanskje ikkje svært redd, men litt bekymra kanskje… :-)    Fisk kan nytast på mange måtar- og i Bukve. Bra med besøk i svært flatterande blitslys!    Heldig er den som har internett når dagane vert lange og kalde. På det store internettet er det mange antikvariat med bøker ein godt kan tenkje seg. Eit lite tastetrykk og heile verden kjem til meg….  I dag kom denne.  Skal tru om det blir furubollar eller einerte på meg ein dag snart :-)

Permalink 2 Comments

Vårlengt

January 30, 2010 at 10:14 am (2010, Hagen, januar)

   Eg lengtar etter våren og etter drivhuset mitt. Foreløbig døyver eg lengta med å så det som tek lengst tid :-) Fleire typar chilli og ein tomatillo kom i jorda i går. Det er jo berre 3,5 mnd før drivhuset er varmt nok til å brukast.

Ellers so snøar det, ikkje mykje, berre 5 cm i natt.  Skiene er i takboksen og symaskina på kjøkenbordet. Det er og den elendige lamineringsmaskina som skal laminere vintertrimkorta. Den vil ikkje. Ja, ja,  Slik går nok dagan.

Permalink 2 Comments

Sirius

January 14, 2010 at 9:20 am (2010, deilige dagar ..., januar, Stjernebilete)

Sisrius er seriøs!! Det er den stjerna på himmelen i sør som skin sterkast.

Sirius , eller hundestjerna, er ei dobbeltstjerne i stjernebildet Store hund (Canis Majoris). Den er den mest lyssterke stjerna på nattehimmelen.  Sirius er nesten dobbelt så lyssterk som Canopus som er den som er nest sterkaste.  Sirius befinn seg 8,6 lysår fra vårt solsystem. Sirius er ei dobbeltstjerne og består av to kvite stjerner.   Det er no på vinteren ein ser Sirius.

Sjekk ut linken for å sjå nøyaktig korleis ein skal finne den.

http://www.naturfag.no/_barn/artikkel/vis.html?tid=732607

Permalink 7 Comments

Ursa minor

January 12, 2010 at 1:02 pm (2010, deilige dagar ..., januar, Stjernebilete)

Ursa minor ligg ikkje langt frå karlsvogna og inneheld Polarstjerna. Kikar ein på denne stjerna ser ein nesten rett mot nord. Stjernebilete liknar på ei ause i forma. Den har fått navnet sitt etter ei nymfe som passa guden Zevs då han var liten.

Permalink 6 Comments

Tid og vatn.

January 10, 2010 at 9:34 am (2010, januar)

Eg brukar ein stor del av livet mitt  til å tenkje  på vatn. Sommar som vinter. Vatn det er for mykje av , og ikkje minst for lite.   Heldigvis er det nokon i huset som er betre til å finne det att enn meg…..

Permalink 1 Comment

20,6 grader i Bukve i dag.

January 8, 2010 at 12:02 am (2010, deilige dagar ..., januar)

Til å vere Bukve er det skikkeleg kaldt. Heldigvis har mannen i huset taket på å bere ved so eg kan stappe inn i ovnen etter kvart :-)    Datamaskina, på den andre sida, er varm etter å ha hatt stadig fleire søk etter varme strøk i takt med at tempraturen søkk ute. Ja, ja slik går no dagan

Permalink Leave a Comment

Eit skikkeleg fint og eit anna :-)

January 4, 2010 at 4:16 pm (2010, deilige dagar ..., januar)

Fekk nokre kommentar på det flotte juletreet som eg hadde bliete av i anna inlegg. Det var frå Mexico for nokre år sidan. No har Jostein gitt med ny daqtamaskin slik at eg kan legge inn att nye bilete :-)  Me hadde som sagt verdens finaste juletre i år. Jostein hadde skikkeleg gjort seg flid.   Tek og med eit anna juletre eg såg i år, det var det ikkje Jostein som hadde henta. Sjarmerande var det no i alle fall :-)

Permalink Leave a Comment

Godt nytt år !!

January 1, 2010 at 11:27 pm (2010, januar)

Måtte det nye året bil eit bra år for alle- eit heilt kurant eit for dei som foretrekk det!!  

Nyttårsforsett nummer 1: boikott TV2 som akkurat har vorte ein helt forferdeleg reklamekanal!! Etter å hå sett/irritert meg over eit program i kveld avbrote av 10 reklamepausar og ei  nyhendesending… nei, nok er nok. Greys er det einaste som ein skal sjå på den kanalen i år.

Forsett nummer 2: Nyte det fantastiske månaskinnet litt oftare.

Det var det.

Permalink 1 Comment

Next page »

Follow

Get every new post delivered to your Inbox.