Vinterferie.. på ein måte.
Ein liten skitur for å få feriefølelsen inn. Og det er fint på slike dagar!! Ikkje noko å utsetje på turfylgje denne gongen heller
Den finaste stølstrimpostkassa må dette vere
So , då er det vel på tide å jobbe litt- vinterferie eller ei :.-)
Søndagstur
Ut for å nyte finveret, inn for å nyte fargane. Heldig er den som har turfylgje og trekkhund
August har starta godt!!
Ein bra start på månaden! Sumargilde med Astrix og Obelix. Der var
Idefix og
Cesar! Det vert ikkje sommar før ein har vore ein natt på Bakkedalen.
Der får ein frukost med jordbær og fløyte ein varm morgon.
Eit klypp til på stølstrimkortet.
Nansen er lukkeleg når han finn ein snøflekk i august! Hagen er full av allslags deiligheiter som me et til middag om dagane. Siste jordbærkorga frå hagen for i år vart eten i kveld.
Ellers var det ein fantastisk konsert med De Lillos 85 på Målrock i Årdal!!!
Regn i dag :-)
]Hundane har satt pris på sola!! Etter ein laaaaaaang solperiode der det har vore skigåing innimellom jobbinga, vart det i dag regn. Noko som var godt for heimen:-)
Stoveglaset i dag. Har planta om , tappa vin og slike praktisknyttige inneting .

Tre i same ulla..:-)
Jostein fekk seg verdens finaste gensar til jul!! Den har mamman til Jostein, Karen, strikka av Jølleull blanda med litt sauaull. Mjuke og fine gutar- alle tre!!!
Nok ein strålande dag!!
Eg og hundane var på kort skitur med lang pause i dag.Det var ein deilig dag,ja!
Deilig soldag og data på hesjevollen
![]()
![]()
I dag har me vore i Vitlegeisdalen i strålande sol. Nansen var på sin fyrste skitur, og fekk reise på fyrste klasse i sekken ti Jostein då han vart trøtte.
Mamma og pappa har fått breiband og ny datamaskin, so no er det surfing for alle penga!!!!!
Den store sjå Nansen helga….
Det er mange som vil helse på den sjarmerande kvalpen vår………….. Lauhaug gjengen var her, og det er ikkje ofte guatane set so stille i sofan
om kvelden var det samling i Bukve, med litt fjernsynsjåing og litt Nansensjåing
meira nansen
Legg ut eit bilete av mor og nokre av syskena til Nansen. Dei var fine alle i hop! Igår var Jostein og Nansen ute og blei kalde og blaute i snøen. Då var ein liten turk og varm i handkle nødvendig.I natt etter kafeen var Bitte innom og helsa på, og i dag var mamma og papppa her.
nansen
Nansen har funne seg til rette i Bukve i dag. Han har vore med Jølle i hundegarden og funne ut at Jølle er ein kul fyr. Jostein har lært han å måke snø.



