Hagetid :-)
Innimellom datatrykking og telefonbabling spring eg ut og grev litt i hagen og vert i skikkeleg godt humør!

Det er som vanleg mest grønsaker det går i, litt urter og bær og nokre sommarblomar innimellom.
Inne har eg hatt skikkeleg gartneri eit par mnd no, men ting byrjar å få flytte ut i drivhuset og hagen.
Chilliane står inne enno, og har fine grøne minichilliar på nokre av dei.

Etter ei strålande byrjing på mai, vart det skikkeleg kaldt og gufse ute, men eit par timar opphald i dag vart godt utnytta. Ikkje noko betring å sjå på langtidsvarselet etto- då må me vel få att varmen i juni!!?
Støle musklar…
… får ein av å grave i hagen, knekke grevet og vri hjulet av trillebåra. Men det er no fint lell. Ellers brukte eg nokre timar på prikling av diverse, og såing av meir.
Kaffibesøk i hagen er heller ikkje å forakte når det er sol og varmt og deilige 22 grader.
Det er heller ikkje å forakte å sjå at snøen kryp lengere og lengre opp etter fjellsidene ![]()

Fine hagen, fine dagen!!
Drivhuset er fullt allerede, men når sommarblomane flyttar ut er det plass til tomatene og dei andre grønsakene.
To squash planta samtidigt. Den eine flytta ut i bøtta i drivhuset med god kompostjord halvanna veke før den andre. 
Ekje so verst til å vere mai
Maidagar.
Hurra for 17 mai!! Litt kald, men sporleik skal ein vere med på lell ![]()


Nam, nam!!!

Hagen i dag.

Jostein har jobba og jobba. No er det vatn i springen som ikkje vil forsvinne på vinteren- og ein kranevåse i kjellaren som sin må ha kart for å finne fram i ![]()

Det beste som kom ut av vassstyret- utekrane!!
Nok ein deilig dag .-9
Ute i hagen. Satt poteter og sådd salatar og slikt noko. Laga fiberdukskjermar og rydda litt.
Holet utanfor kjellardøra er fyllt og det inne er nesten fyllt ![]()
So kom høljeregnet, men det gjorde nok berre godt. Det er snart på tide å slå graset i hagen.
Fine dagen!
Stiv og støl og med eit stort smil. Det er no- so godt som- ugrasfritt i åkrane
Masse før i jorda inne i drivhuset og litt ute. Nesten berre jordbærplantar i jordbæråkeren og ikkje ugras i kassene.
Skikkeleg godt med ein varm soldag i dag.
Skikkeleg godt er det og med drivhuspause med kaffi og sjokolade. Hehe
Sett bort frå holet i kjellargolvet ,absolutt ikkje klarer å hugse at er der sjølv om holet på utsida er minst like stort , byrjar det å bli bra
Våraktivitetar…..
Godt med ei solfylllt helg og utearbeid . HAr teke vårpussen i drivhuset i helga. Sådd litt forskjellig og kosa meg




Ute er det og ting på gang. Påskeliljene blomstrar- litt sein til å heite påskeliljer, men tidleg til å vere i bukve

Vintertrimmen
Fredag er det siste sjangs til å levere inn vinterttrimkorta! Eg bestiller premiane då, so etter det er det for seint. Berre slik om det tilfeldigvis kulle vere nokon som har gløymt det altso- det har eg nemleg ein misstanke om



