Dagen derpå…

July 29, 2011 at 7:22 am (2011, juli, NEI NEI NEI!!!)

… er det ikkje mykje att..

Permalink Leave a Comment

For ein kveld….

July 28, 2011 at 11:27 pm (2011, juli, NEI NEI NEI!!!)

Slik kan og ein kveld verte… Pulsen steig ganske kjapt når eg kika ut stoveglaset …








Permalink Leave a Comment

FLYTTING AV 7 KLASSE TIL GAUPNE FRÅ NESTE HAUST seier Luster kommune i budgettframlegget

October 30, 2009 at 2:23 pm (2009, NEI NEI NEI!!!, oktober)

I dag kom budgettframlegget  til Luster kommune. http://www.luster.kommune.no/sogn/luster/lusterk.nsf/5ad33317a6a3e6e6c125693b003310a3/80faa4ab18c4e97dc125765e003ec8ac/$FILE/Budsjett%202010,%20%C3%B8k.plan,planleggprogr.%2029.10.09.pdf

 Det skulle ikkje ta lang tid før SLUKEN byrja å renne.  Her kjem innsparingane på rekke og rad. Det er dei svakaste som får svi, sjølvsagt. Skule, helse og omsorg. Auka kostnader for einskildpersonar er det Luster kommune legg til grunn for innsparinga, både økonomiske og sosiale kostnader. Dei bygger ned barnehagetilbodet slik at dei som jobbar deltid kjem til å få eit skikkeleg dilemma, i tilegg  let ein  foreldra betale meir:  ”…. For barnehagar vil satsane for reduserte plassar bli oppjusterte for 2010. Frå 2011 vil den store fleksibiliteten som ligg i mange variantar av plassstørrelsar barnehagar bli vurdert. dette vil kunne føre til  meir tenleg drift i barnehagane. Vidare vil innsparingskravet i høve til Luster bad bli teke ut”   Sfo skal betalast i heile og halve plassar , ikkje på timebasis slik som no. 

So var det skulane sin tur: Budgettet legg opp til at dei som no går i 6 klasse i Jostedalen, Indre Hafslo og Skjolden skal byrje i 7 klasse  i Gaupne og Dale. Tiltaket kan sjåast på som ei framskunding av innsparingstiltaket i høve til Luster bad.Oppvekstsenter med kobling barnehage- småskule ( 1-4 klasse…. ) er ei løysing som på sikt skal vurderast.

Helse og omsorg: Auka satsar for omsorgsplassar, husleige, heimehjelp. Nedlegging av eldresenteret i Jostedalen, Gradvis avvikling av sjukeheimspost ved Hafslo …………  

Kultur. Bygdebokprosjektet må vidareførast, men innsparingar må påreknast pga Luster bad.

Innanfor teknisk felt må innsparingar konkretisertast i høve til Luster bad.

Og kvifor må ein spare? !!!!!!!

34 millinomar- forskotteringar Gullringen.  ( som vert mange mill dyrare enn planlagt)

28 mill til ny barnehage i Gaupne.

Luster bad: 92,6 mill

Omsorgsbustader Gaupne: 14 mill

Kva er største SLUKET? Kva er det ein driv med? BYGGER NED TENESTER I BYTE MED  LUKSUS ?  !!!!!! 

Eg ser på forslaget om å flytte 7 klasse til Gaupne no til hausten, som fyrste steget til flytting av heile mellomtrinnet. Fagre ord om robuste einingar betyr ikkje noko som helst. Det det i praksis betyr om 7 klasse vert flytta er td:

LAAAAAAANG skuleveg for framaføringane.  Heile fritida deira skal gå vekk i å kjøre buss. Og det er ikkje valfritt. Alle MÅ gå på skulen i dette landet.  Det er levande born det er snakk om her, ikkje tal i ei kolonne. Eg lurer på om politikarane i det heile teke tenkjer på det.

Mindre sosialt miljø for dei som er att på skulen. Jostedal skule har svært gode resultat når det kjem til nasjonale prøvar. Null mobbing og  god trivsel kunne ein lese i Sognavis for ei tid attende.

Kva med JSA og skulemusikken….. kva med og  kva med???

Luster bad er veddteke. No er det opp til politikarane å ikkje øydelegge utkantane i Luster kommune fordi dei må spare. Heller ikkje gjere det mindre attraktivt å bu i denne kommunen som ein gong var den beste kommunen i landet å bu i…   for det er det dei gjer med dette om budgettet går gjennom!

Sjå og diskusjonen om skulen i Jostedalen frå tidlegare: http://jostedal.wordpress.com/2009/06/21/sjokkerande-nyhende-i-klartekst/

Om nokon kommenterer på denne posten- bruk fullt navn. Anonyme kommentarar vert sletta.

Permalink 8 Comments

Vestsida-vigdøla sak i kommunestyret 29 oktober

October 22, 2009 at 5:43 pm (2009, NEI NEI NEI!!!, oktober)

I kommunestyret den 29 oktober skal det snakkast om ” Forslag til utgreiingsprogram for Vigdøla kraftverk, overføring av Vestsideelvane og heving av dam Tunsbergdalsvatnet, Luster kommune – høyring” står det å lese på Luster kommune si heimeside. Her legg eg lenka til saksdokumentet : 

 http://sensff26.sf-f.kommune.no/kommunar/luster/k2pub.nsf/viewAttachments/41256B120049A392C12576560055C111!opendocument&frame=yes

Her står det og  litt om innspela som alt er kome inn. 

EG seier berre NEI NEI NEI!  Ta vare på det me har att av urørd natur i dalen vår!!!!!

Permalink Leave a Comment

Mine håp om vatn i Vigdøla og Vestsida, badelandet, brønnen og Geisdalsfossen!

September 23, 2009 at 9:11 pm (2009, NEI NEI NEI!!!, september)

1. At luster kommunestyre i morgon bestemmer seg for ikkje å gå vidare med badelandet, men heller bygge eit fornuftigt basseng ( som verkeleg trengst i Gaupne) Dette fordi eg gjerne vil at tilboda skal oppretthaldast i alle delar av kommunen.  Sjå innlegget til Jostedalsrypa, ho stiller dei rette spørsmåla  : http://www.jostedalsrypa.no/blogg/?p=1191#comments

2. At statskraft IKKJE får løyve til å bygge ut Vestsida og Vigdøla. Les dagens innlegg av A. Andersen i Sognavis, det var fornuftigt skrive meiner eg.

3. At vatnet i brønnen held seg i brønnen :-)  

4 At Jostedalen bygdelag IKKJE finn på noko tull med Geisdalsfossen!!!!!  Det er sendt ein søknad til NVE om å føre Geisdalsfossen inn i eit løp. Dette kan ein finne på kommunen sine sider.   Det vil sei at fossen som går inni gjølet næraste Vangsen skal 0ver i dei andre. Dette fordi det skal ha skjedd noko der ein gong i 79 (???)  eller seinare fylgje dei eg har prata med.(  Det skal forresten ha vore eit par karar oppi der med noko dynamitt på eige iniativ  ein gong etter flaumen og retta opp att noko som hadde skjedd då) Me sat  på Hesjevollen her hin dagen og samanlikna bilete  frå 1974 med dagens fossar. Eg set akkurat no og ser på eit bilete måla av J.C Dahl. Skissa til dette bilet er laga i august 1922. Dette bilete heng det forøvrig ein kopi av på Breheimsenteret. Det einaste som ser forskjellig ut, er at det er mindre vatn til tider. Det har ALLTID vore fleire fossar der. Det er kanskje ikkje so lett å sjå det framaifrå, men fossen so går inni gjølet er ein vestentleg del av fossane.  Kanskje spesiellt for utsikta frå Hesjevollen. Ja, fossane er ikkje like stor heile tida no, dei forsvinn nesten av og til faktisk, Men det er pga utbygginga, ikkje fordi vatnet renn på andre plassar. Det går ikkje an å endre på Geisdalsfossen meir enn det allereie er gjort ! LAT DEN FÅ VERE I FRED!!!!! 

Hm….Eg lev stadig i håpet om at eg på ein eller annan måt har missforstått dette her, men er ikkje so lett bli heilt klok. Det eg har motteke skriftleg frå bygdalaget og det som har vore sagt muntleg er ikkje likt. So då lurer eg på om det hadde vore greit å lagt ut eit bilete med påtekna kva det er meininga å gjere på Jostedalsbloggen?!!!  Det kunne og kanskje vore oppretta ei eiga side der det blir fortalt om kva bygdelaget jobbar med? Akkurat no tvilar eg ikkje på at bygdelaget gjer mykje bra, men dei fleste eg har prata med veit ikkje so mykje om kva dei driv med. Spesiellt noko so viktig som dette burde det vore informert om.  Det er og eit lett medie å forhalde seg til når ein vil ha innspel frå andre.  Det tek slik ca 5 minutt å oprette ein blogg so svært arbeidskrevjande er det heller ikkje.  Dette håpar eg dei som set i bydelaget ser på som eit konstruktivt forslag :-)

DSC_6599  Geisdalsfossen 1 sept 09, den dagen med mest vatn dei siste åra. Den er pen, er den ikkje?!!!  Bilete er teke nede frå hovedvegen.   Geisdalsfossen ER utbygd, men eg lurer på kor mykje det gjer frå eller til på ein slik flaumdag. Det er noko å tenkje på når ein høyrer at det eine agumentet for å bygge ut Vestside elvane er at det skal hindre  flaum…. Hm…..  Tja…….

Permalink 2 Comments

No står det her svart på kvitt!

September 7, 2009 at 11:09 pm (2009, NEI NEI NEI!!!, september)

Gå inn på www.jostedalsrypa.no sin blogg og les! No står det her , svart på kvitt det som inkon prøvde å nekte på. Skal ein ha badeland i Gaupne må ein spare på det meste andre plassar. Her er det bassenget og skulen som får svi. Kommunale vegar og kulturtilbod likeså. Det gjeld og i Skjolden og på Urnes og andre stader i kommunen. . ER det verdt det? Eg oppfordrar alle til å klikke seg vidare frå jostedalsrypa sin blogg og lese tilrådinga frå rådmannen! Min blogg har valgt denne kvelden til å henge seg opp, kanskje den kjenner aggresjonen og til dels oppgittheita som siv ut frå porene mine…..

Permalink 1 Comment

Slik apropos utbyggingsplanar…

August 24, 2009 at 8:23 pm (2009, august, NEI NEI NEI!!!)

Eg høyrde ei dame på radioen i går. Ho hadde vore stortigsreferent i omtrent heile sitt yrkesaktive liv. Det vil sei at ho nok har høyrt meir på politikarane og fulgt fleire diskusjonar enn dei fleste. Alltid politisk nøytral seier ho at ho har vore. Men no måtte ho sei noko…

Ho vart teken med av ein reportar frå NRK radio for å for fyrste gong sei si meining til dei politikarane ho i so mange år har høyrt på. Det ho sa var : Alle elvane og bekkane våre er verdifulle i seg sjøl. Ikkje bygg dei ut!

Tenk på det, so mange år med betydnigsfulle saker som har komme og gått, og so er det utbygging ho vel å kommentere …  Vetug dame dette :-)

Permalink 1 Comment

SQUIQQQCZ….. og so forsvann idyllen brått!!! Vestsideutbygginga er faretruande nær..

June 26, 2009 at 7:46 am (2009, juni, NEI NEI NEI!!!)

  NEI NEI OG ATTER NEI!!!  Dei er so definitivt i gang!  Statkraft vil   legge resten av dalen vår i røyr. Ikkje øydelegg naturen vår for dei som kjem etter oss- eller for oss sjølve for den sin del. Eit slikt inngrep er ikkje reversibelt. http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article4425102.ece 

Me hadde ein diskusjon om same temaet hausten 2007. Les her :http://jostedal.wordpress.com/2007/09/26/eg-har-lese-sogn-avis-att-eg/

Permalink 5 Comments

Eg har lese Sogn Avis att eg……

September 26, 2007 at 9:33 am (deilige dagar ..., NEI NEI NEI!!!, Uncategorized)

Og funne meir å irritere meg over, sjølvsagt. Eg har no slikt å gjere på:-)

Jostedalen skal bli Nasjonalparklandsby!!! Det er heilt sant, for det stod i avisa, og DET er bra etter mi oppfatning. For eg reknar med at det føl positive ting med den tittelen. Kanskje litt pengar til å drive bygdeutvikling, og ikkje minst er det god reklame for både Nasjonalparkkommunen Luster og Jostedalen som gjerne vil lokke folk til å busetje seg her og ikkje minst for å få turistane til å komme i hopetall. Og det høver i alle tilfelle godt for Jostedalen å bli nasjonalparklandsby, eller bygd, slik den vil bli omkransa av nasjonalparkane. MEN inne i same avisa står det og at det skal komme ei stor ny utbygging på vestsida.Og Vigdøla.  HALLO!!! er det nokon der ute som kan forstå dette??!! Den flotte dalen vår mellom nasjonalparkane omkransa av turrlagte elver….Hjarteleg velkommen til å nyte den fantastisk flotte naturen vår, med fjell og fossar som kastar seg utfor……   I sommar les eg i ei tysk guidebok nokon turistar viste meg ,at ein burde ta seg til til å stoppe og nyte nokon av dei vakre fossane som rann som perlehalsband nedetter fjellsidene…………. Dei spurde spesiellt etter Geisdalsfossen som det var eit flott bilete av. Eg måtte berre seie som sant var, at der gjekk mesteparten av vatnet i røyr,og ba dei ta turen til sørsida for å fjå på Feigumfossen i staden for. (ja, dette var vel og merke i juni, men ein slik sommar som i år drøymer vel berre dei som skal tjene mest mogleg peng på vatnet om.) De forstår ikkje verdien av kva de har her, sa turistane til meg, og eg måtte vere heilt enig.

Eg har ein gong høyrt at om ein skiftar ut det gamle ledningsnettet rundt om i Noreg, som slepper mykje av straumen rett ut i lufta, kunne ein ha spart seg ei heil Jostedalsutbygging. Eg undrer meg på om dette stemmer, for i so tilfelle finst det ingen grunn til å øydelegge meir natur. Veit nokon kvar ein kan finne tal på dette?  Og kva kjem Jostedalen til å tjene på denne utbygginga i reine pengar? Er det nok til å ville gjere meir uboteleg skade, for ei utbygging kan ikkje gjerast om att om nokre år om nokon skulle angre. Og Luster kommune… treng me eigenteleg meir peng til å bygge enno ein ny skule ti minutt frå den andre nybygde?  Ja eg er ikkje eigenteleg missfornøygd med skulebygginga, men det viser kor mykje peng Luster kommune eigenteleg har….  Og arbeidsplassar, vil det verte nokon i det heile for lokale folk? For anleggsarbeide kjem vel ikkje til å vare mange månadane….

ja, ja. det var dagens frustrasjon. Og ellers gledar eg meg over at sola skin i dag, og at den skal gjere det eit par dagar til. Det var heilt merkeleg å vakne idag til solstrålar i staden for hamring på taket.

Permalink 39 Comments

Follow

Get every new post delivered to your Inbox.