Snøkaos?

October 26, 2011 at 1:15 pm (2011, deilige dagar ..., Ferietur, oktober)

Dagbladet melde om snøkaos… ikkje det nei :-) :-)

Permalink Leave a Comment

Ny gardin :-)

October 29, 2010 at 10:47 am (2010, deilige dagar ..., Hagen, oktober)

Og ja, det er snø som kjem ned i bakgrunnen i dag :-)

Permalink Leave a Comment

Ellevilt!

October 26, 2010 at 9:31 am (2010, deilige dagar ..., oktober)

Eg som set og drøymer i Bukve om at det burde lagast lokal mat, og so er det berre eg som ikkje har fått med meg at det er gjort!
Det vert seld pinnekjøt frå fellesfjøsen av Bernt Aleksander, og gjett om eg skal smake!

http://ellevilt.as/


Stjal bilete av etiketten frå nettsida :-) Blir svolten berre av å lese på den eg :-)

Permalink Leave a Comment

Korsikansk skilt :-)

October 25, 2010 at 9:05 pm (2010, deilige dagar ..., oktober, Skilt i verden)

Permalink Leave a Comment

Ny dag med sol og snø- hurra!

October 23, 2010 at 12:40 pm (2010, deilige dagar ..., oktober, snø)

Når sola skin og snøen ligg kvit og fin, er eg, som kjent, ikkje vanskeleg å be. I dag var det akebrettet som fekk lufta seg.
Strålande trekkhundar i nedoverbakke

Og ikkje minst i oppoverbakke!!!!

Permalink Leave a Comment

Snø og ski, hi hi… og so tomater :-)

October 22, 2010 at 11:04 pm (2010, deilige dagar ..., Hagen, oktober, snø)


Jammen meg vart det ikkje snø i år og! Og som den ekte skijenta eg er, var det rett ut for å finne fram skiene mine! Eg hadde både godt selskap og ivrig drahjelp :-)

Innimellom var eg i drivhuset og hausta tomatar og grov fram dei aller siste gulerøttene :-)

Permalink Leave a Comment

21 oktober 2010

October 21, 2010 at 6:18 am (2010, oktober, snø)

Klokka 0755 starta dei fyrste snøfnugga å dale her i Bukve. So var det berre å finne fram att kamikkane …..
Klokka halv ni i kveld var det 11 cm. Ja, ja.

Permalink Leave a Comment

Gratulerer til Laila…

October 19, 2010 at 9:31 am (2010, HURRA!, oktober)

….som har fått bygdeutviklingsprisen under opninga av fylkestinget i dag!!

Sitat frå Sogn Avis : “Gjennom Jostedal Hotell har Laila Gjerde hatt fokus på å spela på lag med alle aktivitetsbedriftene i området, som har vokse fram til dels som ein fylgje av hennar reiselivssatsing. Dette gjeld både breføring, kajakk, juving, rafting og hesteriding. Hotellet var tidleg ute med å satsa på lokalbasert meny med mykje eigenproduserte råstoff frå garden, i tillegg til å nytta råvarer og produkt frå området rundt. Vinnaren sine heimelaga kjøtkaker med masse saus er vide kjent, heiter det i juryen si grunngjeving.
Juryen har spesielt merka seg at Laila Gjerde har vore ei drivkraft og stått i front for næringsutvikling Jostedalen. Dette området ligg i randsona av nasjonalparken og har spesielle utfordringar.
– Laila har sett potensialet og har vore hovudaktøren i den positive utviklinga som har funne stad i Jostedalen, spesielt innanfor reiseliv.”

Gode greier!!!!

Permalink Leave a Comment

Eg var ikkje på Idedugnad, men…

October 18, 2010 at 7:59 pm (2010, deilige dagar ..., oktober)

…. det eg har lyst på/ drøymer om er:
Lokalprodusert av allslags mat- eg likar mat!! Eg likar å drøyme, lage og ete….
Kva med lammekjøt ein veit har gått å beita på Bakkedalen eller i Vanndalen heile sommaren… Vel merka med kvar dei har gått, sjølvsagt.
Eller spekepølser /fenalår av dyr som har beita same plassane
Eller velmarmorert biff… :-)
Heimelaga vellagra geitost….
Grønsaker produsert i dalen….
Nysteikte brød og bollar…
Og, og og…..
Alt merka med produsert i Jostedalen, gjerne med kvar i Jostedalen og! Trur det kunne få føte å gå på, både frå dei lokale og frå dei mange turistane som kjem hit kvart år.
Eg har og tru på lokalt bryggeri, øl produsert med friskt brevatn. Nam nam…!
Og so min draum- sjokoladefabrikken…. Den er foreløbig på kjøkenbenken i Bukve, og smakar godt gjer konfektbitane, med granskotsirup og tyttebær frå skogen i Mjølversgardane…. :-)

Me får allerede kjøpt bringebær og jordbær frå Åne og Trine , og Breangus frå Jorunn og Reidar… (Det gledar eg meg til å smake når eg blir stor og kan kjøpe , sjå www.breangus.no !)
I fjor bestillte me eit villsaulam frå Romsdalen….- knakande godt var det, spesiellt fordi me visste at det var frå Romsdalen :-)
I sommar susa eg og osteglad veninne til Aurland for å handle ost og pølse.
Heim i sekken frå Sardinia / Korsika var det mengder av pølser, spekemat og ost. Det var og litt fikenmarmelade og pasta. Og so vin, sjølvsagt- og masse inspirasjon til vinterens middag.

Eg var på Shetland for nokre år sidan, jada, bygdeutvikling driv de med der og :-) Og dei utviklar, og utviklar. Besøkte sjokoladefabrikk, minibryggeri, sauefjøs( nåvel, dei var vel strengt tatt ute…) og kjøtfefjøs- dei oksane var GEDIGNE ! Me såg og på vindkraftbil og besøkte skular for å sjå på entreprenørskap i skulen. Det var lærerike dagar som ein har prøvd å formidle på beste måte i ettertid. Me var og i Aurland med same gjengen. Der vart det servert lokalmat fleire stader. Det var det som heng att, maten og fortali om kvar den geita hadde gått på beite, og kvar blåbæra til blåbærpanacottaen hadde vorte plukka. For ikkje å snakke om fish and chips i eit ungdomshus på Shetland der fisken var trekt same dag ikkje langt ifrå.

Eg trur vel ikkje på markedet som eg drøymer om nedpå Gjerde, slik eigentleg, men i mindre målstokk, kanskje? Ei av hyllene i grønsaksavdelinga til Kristen berre til lokalt dyrka grønsaker. Og ei i kjøledisken til kjøt og ost og slikt noko ? Det står fleire tome fjøs her i dalen no, og eldresenteret er tomt og, og der her dei til og med kjøken, og masse driftige folk er det her. Eg kan drøyme eg… :-)
Innimellom at eg no har skrive litt på dette innlegget har eg laga middag. Det vart i dag pasta med tomatsaus. Tomatane har eg plukka i drivhuset i dag, lauken har og vokse i hagen min, og pølsa kjøpte eg på Sardinia. Eg krydra med heimelaga urtesalt med løpstikke, salvie, ringblomst timian mm. Smakte godt gjorde det i alle fall.

:-) Som ein happy på slutten kan eg nevne at ei av damene som var med til Aurland, såg på glassmykka mine. Det var det INGEN som produserte på Shetland, so ho kasta seg rundt, og driv no godt med firmaet sitt. Fordelen ho hadde av å vere fyrst- og ikkje minst flink- var at ho kunne setje prisar som det gjekk an å leve av. Det gjer det ikkje her, der dei fleste driv med slike ting på hobbybasis og ikkje for å tjene peng (mitt hjartesukk) Det kom i alle fall ei bedrift med økonomisk vinst ut av dette prosjektet ;-)

Permalink Leave a Comment

Den som ropar fyrst hurra….

October 17, 2010 at 1:07 pm (2010, deilige dagar ..., Ferietur, oktober)


Eit slikt eit til meg, takk, to morgonar i veka nedpå Gjerde. Med boder som bugnar av friske grønsaker, kjøt og fisk, spekemat og allslags ost , brød og vin og ellers alle krydderier ein måtte trenge….. Og so litt deilig italiensk is og kanskje ei kake til kaffien…. Eg ekje so storforlangande då, er eg vel….?!

Permalink Leave a Comment

Next page »

Follow

Get every new post delivered to your Inbox.