Her kommer…

September 22, 2010 at 8:00 am (2010, deilige dagar ..., september)

…Karlson på taket, han har motor og dobbel propell .. …….. eller i alle fall dei naudsynte sikringsremediane :-)

Permalink Leave a Comment

Mykje hage det går i her…

September 20, 2010 at 6:24 pm (2010, deilige dagar ..., Hagen, september)

Kokte bønner med litt salt på. Ikkje rasande stor avling, akkurat, men moro at det veks her :-)
Årets siste bringebær plukka inn i går. I dag har eg skore ned gamle greiner .
Mangold i lange baner …
potetopptak i sola i dag..
Sjalottløken var god. Mykje meir av den til neste år!
Tomatane er knakande gode no- og mange. Verdens beste tomatsaus til pastaen her hin dagen, og meir må det bli i morgon :-)
Salvien ligg no på tørka saman med ringblomane.
Raudbetesuppe til forrett i dag- skikkeleg god vart den. Like kjekt kvar gang eg kan gå ut i hagen, plukke noko og lage skikkeleg god mat.
Salat kvar dag framleis, no er det på siste verset med bladgrønsakene, men litt plukksalat og vinterkarse er det enno. Ellers gulerøtter og neper i lange baner. Pac choy og mangold med. Deilige dagar i hagen min! Sterk blir eg i alle fall av å rydde, grave og trille :-)

Permalink Leave a Comment

Mine håp om vatn i Vigdøla og Vestsida, badelandet, brønnen og Geisdalsfossen!

September 23, 2009 at 9:11 pm (2009, NEI NEI NEI!!!, september)

1. At luster kommunestyre i morgon bestemmer seg for ikkje å gå vidare med badelandet, men heller bygge eit fornuftigt basseng ( som verkeleg trengst i Gaupne) Dette fordi eg gjerne vil at tilboda skal oppretthaldast i alle delar av kommunen.  Sjå innlegget til Jostedalsrypa, ho stiller dei rette spørsmåla  : http://www.jostedalsrypa.no/blogg/?p=1191#comments

2. At statskraft IKKJE får løyve til å bygge ut Vestsida og Vigdøla. Les dagens innlegg av A. Andersen i Sognavis, det var fornuftigt skrive meiner eg.

3. At vatnet i brønnen held seg i brønnen :-)  

4 At Jostedalen bygdelag IKKJE finn på noko tull med Geisdalsfossen!!!!!  Det er sendt ein søknad til NVE om å føre Geisdalsfossen inn i eit løp. Dette kan ein finne på kommunen sine sider.   Det vil sei at fossen som går inni gjølet næraste Vangsen skal 0ver i dei andre. Dette fordi det skal ha skjedd noko der ein gong i 79 (???)  eller seinare fylgje dei eg har prata med.(  Det skal forresten ha vore eit par karar oppi der med noko dynamitt på eige iniativ  ein gong etter flaumen og retta opp att noko som hadde skjedd då) Me sat  på Hesjevollen her hin dagen og samanlikna bilete  frå 1974 med dagens fossar. Eg set akkurat no og ser på eit bilete måla av J.C Dahl. Skissa til dette bilet er laga i august 1922. Dette bilete heng det forøvrig ein kopi av på Breheimsenteret. Det einaste som ser forskjellig ut, er at det er mindre vatn til tider. Det har ALLTID vore fleire fossar der. Det er kanskje ikkje so lett å sjå det framaifrå, men fossen so går inni gjølet er ein vestentleg del av fossane.  Kanskje spesiellt for utsikta frå Hesjevollen. Ja, fossane er ikkje like stor heile tida no, dei forsvinn nesten av og til faktisk, Men det er pga utbygginga, ikkje fordi vatnet renn på andre plassar. Det går ikkje an å endre på Geisdalsfossen meir enn det allereie er gjort ! LAT DEN FÅ VERE I FRED!!!!! 

Hm….Eg lev stadig i håpet om at eg på ein eller annan måt har missforstått dette her, men er ikkje so lett bli heilt klok. Det eg har motteke skriftleg frå bygdalaget og det som har vore sagt muntleg er ikkje likt. So då lurer eg på om det hadde vore greit å lagt ut eit bilete med påtekna kva det er meininga å gjere på Jostedalsbloggen?!!!  Det kunne og kanskje vore oppretta ei eiga side der det blir fortalt om kva bygdelaget jobbar med? Akkurat no tvilar eg ikkje på at bygdelaget gjer mykje bra, men dei fleste eg har prata med veit ikkje so mykje om kva dei driv med. Spesiellt noko so viktig som dette burde det vore informert om.  Det er og eit lett medie å forhalde seg til når ein vil ha innspel frå andre.  Det tek slik ca 5 minutt å oprette ein blogg so svært arbeidskrevjande er det heller ikkje.  Dette håpar eg dei som set i bydelaget ser på som eit konstruktivt forslag :-)

DSC_6599  Geisdalsfossen 1 sept 09, den dagen med mest vatn dei siste åra. Den er pen, er den ikkje?!!!  Bilete er teke nede frå hovedvegen.   Geisdalsfossen ER utbygd, men eg lurer på kor mykje det gjer frå eller til på ein slik flaumdag. Det er noko å tenkje på når ein høyrer at det eine agumentet for å bygge ut Vestside elvane er at det skal hindre  flaum…. Hm…..  Tja…….

Permalink 2 Comments

No står det her svart på kvitt!

September 7, 2009 at 11:09 pm (2009, NEI NEI NEI!!!, september)

Gå inn på www.jostedalsrypa.no sin blogg og les! No står det her , svart på kvitt det som inkon prøvde å nekte på. Skal ein ha badeland i Gaupne må ein spare på det meste andre plassar. Her er det bassenget og skulen som får svi. Kommunale vegar og kulturtilbod likeså. Det gjeld og i Skjolden og på Urnes og andre stader i kommunen. . ER det verdt det? Eg oppfordrar alle til å klikke seg vidare frå jostedalsrypa sin blogg og lese tilrådinga frå rådmannen! Min blogg har valgt denne kvelden til å henge seg opp, kanskje den kjenner aggresjonen og til dels oppgittheita som siv ut frå porene mine…..

Permalink 1 Comment

Vatn ….. igjen….

September 1, 2009 at 6:10 pm (2009, september)

Det regnar. MASSE. No passerte målestasjonen vår 50 mm dei siste 24 timane. Det er litt i overkant av kva som er greit. Eg har vorte skikkeleg flink med krafsa i sommar. I dag intet unntak. Laga so fine veite i vegen atte!

Me har, som resten av bygda, hatt oss ein rånerunde med bilen for å sjå på vatnet. Elva er STOR. Det er att mykje under ein halv meter opp til høgebrui. Vatnet skvulpar i vegen rett framom.Nedi Uri var det vatn til midt på leggen sa dei. Framafor Mosevollen er det er det vatn på heile marki- det ser ut som om alt er elv. Her nede går vatnet ein halv meter opp på kvennhuset og det renn godt av kvennelvi over vegen. JA, ja. Eg lengtar etter ein skikkeleg solskinnsdag……..

Permalink 1 Comment

HURRA!!!

September 27, 2008 at 11:02 am (2008, deilige dagar ..., september, Uncategorized)

Permalink Leave a Comment

Drivande

September 16, 2008 at 10:47 am (2008, deilige dagar ..., september, Uncategorized)

  Ein fin hausttur til Drivande i Vigdalen !

Permalink 2 Comments

Opning av Jostedalskontoret.

September 11, 2008 at 1:05 pm (2008, Blogroll, deilige dagar ..., september, Uncategorized)

  Har nett vore på opning av det nye kontorfellesskapet på industribygget, Jostedalskontoret. Eli sang og tala, Marit tala og. Endå til ordføraren tala og klypte bandet. Delige økologiske bringebær frå Åne, og rettferdig kaffe – kan det betre bli?!  Kontoret er fullfinansiert av bygdalaget, og har enno ein ledig plass kunne dei fortelje.  TIl lukke  !!

Permalink 10 Comments

Klar til å lage middag!!

September 9, 2008 at 4:15 pm (2008, Blogroll, september, Uncategorized)

  Skikkeleg sunn frå eigen hage! :-)

Permalink 2 Comments

Jordbær..

September 7, 2008 at 2:49 pm (2008, deilige dagar ..., september)

10 august trudde eg det var siste jordbæra eg plukka, so feil kan eg ha. Eg har plukka masse etter den tid, men i går var det nok det aller siste søte beret som forsvann inn i munnen min. Men blåbær og rips med vaniljesaus- det er godt det !! Og det er det masser av enno!!

Permalink Leave a Comment

Next page »

Follow

Get every new post delivered to your Inbox.