Snø og frø

March 18, 2011 at 2:53 pm (2011, mars, snø)

Snømålepinnen i hagen viser nett over meteren, frøa mine spirer. Sola bryt gjennom og det dryp frå taket. Det må vere vår på veg!
Men på ei anna side, dette er mannen i huset som ser inn STOVEGLASET!

Permalink Leave a Comment

8 februar 2011

February 8, 2011 at 1:22 pm (2011, deilige dagar ..., februar, snø)

Snømålepinnen viser slik ca 140 cm snø, når ein ser vekk frå den vesle haugen som legg seg attmed pinnen.
Søndag morgon måtte det jobbast litt før gjestene fekk ut bilane..

Permalink Leave a Comment

Snøfresaren og eg…

February 4, 2011 at 10:20 am (2011, deilige dagar ..., februar, snø)

Hm.. lurer på om Jostein er på tur…? Det er berre til å kike ut glaset. Er det kome ei relativt stor mengd snø i natt, kan du rekne med at han er vekke :-) Men heldigvis har eg ein ven med motor, og Jostein sine øyreklokker med radio.Og som betre er, har eg ein ven med traktor. Han er eg glad i i dag, hihi.
Dette er ikkje bilete frå sist snøfall, det er teke 11:15 i dag…

Permalink Leave a Comment

Ja, ja…

January 16, 2011 at 3:45 pm (2011, januar, snø)

Den kvite haugen er bilen min i dag. …
Snøfresaren er min ven!

Snømåleipnnen i hagen viser 130 cm snø i ettermiddag….
No klokka 16:50 er det minus 1,8 her. Tru det eller ei, men jammen meg håpar eg at det ikkje vert regn av den nedbøren som skal komme dei neste dagane. Då blir det slaps og hålke og ein ufjelge nedoverbakke frå Mjølversgardane.

Permalink Leave a Comment

Fånnfårle :-)

January 4, 2011 at 11:07 am (2011, deilige dagar ..., januar, snø, Uncategorized)

Berre eit par linkar i dag, me fånnfårevarsel :-) Det er nemleg svært stor skredfare i dalen no, til og med der ein alltid har gått og sagt det er trygt, skal ein passe seg… Og det kjemme seg vist ikkje atte før det har vore eit mildvær heilt til fjells,so det kan vare ei stund. Eg får gå i fine spor på Bjønnstegane i staden for, eller kanskje rota fram sparken frå skålaloftet. Eller kanskje berre trykke litt på datamaskina :-) Hi, hi

Fyrst til Jostein som har filma eit skred:

Og so til Bjørnar som fortel at det der hinsides skredfarleg over alt!

Permalink Leave a Comment

Julesnø :-)

December 15, 2010 at 11:26 pm (2010, deilige dagar ..., Desember, snø)

Glad gut!

Permalink Leave a Comment

Ny dag med sol og snø- hurra!

October 23, 2010 at 12:40 pm (2010, deilige dagar ..., oktober, snø)

Når sola skin og snøen ligg kvit og fin, er eg, som kjent, ikkje vanskeleg å be. I dag var det akebrettet som fekk lufta seg.
Strålande trekkhundar i nedoverbakke

Og ikkje minst i oppoverbakke!!!!

Permalink Leave a Comment

Snø og ski, hi hi… og so tomater :-)

October 22, 2010 at 11:04 pm (2010, deilige dagar ..., Hagen, oktober, snø)


Jammen meg vart det ikkje snø i år og! Og som den ekte skijenta eg er, var det rett ut for å finne fram skiene mine! Eg hadde både godt selskap og ivrig drahjelp :-)

Innimellom var eg i drivhuset og hausta tomatar og grov fram dei aller siste gulerøttene :-)

Permalink Leave a Comment

21 oktober 2010

October 21, 2010 at 6:18 am (2010, oktober, snø)

Klokka 0755 starta dei fyrste snøfnugga å dale her i Bukve. So var det berre å finne fram att kamikkane …..
Klokka halv ni i kveld var det 11 cm. Ja, ja.

Permalink Leave a Comment

Follow

Get every new post delivered to your Inbox.