Vinterferie.. på ein måte.
Ein liten skitur for å få feriefølelsen inn. Og det er fint på slike dagar!! Ikkje noko å utsetje på turfylgje denne gongen heller
Den finaste stølstrimpostkassa må dette vere
So , då er det vel på tide å jobbe litt- vinterferie eller ei :.-)
Vintertrimmen
Fredag er det siste sjangs til å levere inn vinterttrimkorta! Eg bestiller premiane då, so etter det er det for seint. Berre slik om det tilfeldigvis kulle vere nokon som har gløymt det altso- det har eg nemleg ein misstanke om
Lauvhaugblogg har viktige meldingar i dag!
http://lauvhaug.tuften.net/#home Her må de få med dikka både juletresal og oppmoding om postkasseuthenging til Vintertrimmen
Vakkert so lenge var ……..
Det var nokre nydelege dagar me hadde før regnet satte inn. Gnistrande vintersnø i låg sol…
Ellers so har eg tenkt ein del over ka ein skal bekymre seg over i verden i dag. Terror i India, kaos i Thailand og ……. sist men ikkje minst, kven som køyrer bil kvar! Eg kjenner nokon som brukar å sei ” ja, ja, er ikkje løge det e krig i verden, nei…! Det var vel det eg hadde å sei om den saka i kveld.
Vintertrimmen 2008
Det blir vintertrim i år og, og dei ivirgaste er ute allerede. Nokre kasser er komne opp, men om det er nokon som føler seg kalla til ein skitur med kasse på ryggen er det berre til å snakke med Gro Kirsti. Ho har kassene og kontrolen!
(vintertrim er for alle! Dette ilustrert med eit bilete frå nokre år attende)
Plassane i år er:
Hytta på Mann, Holmavatnet, Fåbergstølen, Vitlestølsdalen, Nigardsbredalen, Nosakollen, Geisdalen, Vanndalen, Vigdalstølen, Fåra i Bergsetdalen.
Korta skal lagast før jul og leggast til sal på hotellet, til det er det berre til å skrive navnet i boka, og krysse etterpå.
Premiane til Stølstrimmen er forsinka, pakka som skulle innehalde premiane kom, og inneholdt noko heilt anna……. Men nye premiar er bestilte, so no er det berre til å vente i spaning