Nok ei vinterhelg

February 15, 2009 at 10:04 pm (2009, februar)

Quiz på fredag- det var bra!
Skiforsøk på laurdag- mindre bra, men skikkeleg god middag!
Søndag til å gløyme. Når kjem egentleg sommaren? NO er det jammen meg nok vinter! Jostedalen er nok desverre ikkje verdens navle og aktivitetssentrum for tida. Sjå opp vener i urbane strok, skal ikkje sjå vekk frå at ei desperat vinterflyktning er på veg !!   Det er nemmeleg noko med bilen full av snø som skal skrapast vekk før ein kan køyre nokon plass. Snø ned mellom buksa og skoen. Kald, rennande nase. Vedposar som skal inn med påfølgande vedrusk på golver. Kvitt, kvitt, kvitt.  All sosial aktivitet har noko med ski å gjere. ( ikkje kvissen då, men der var nok ei skispørsmål der om eg ikkje hugsar feil) EG kan fortsetje å ramse opp… No er det nok!  Kan nokon framskunde sommaren litt til meg?

Permalink 14 Comments

Argumentering

February 11, 2009 at 11:49 pm (2009, deilige dagar ..., februar)

Eg har pløygd gjennom relativt mange bøker sidan eg lærte å lese. Godt over gjennomsnittet skulle eg tru.  Mengder av gode , dårlege, gjennommsnittlege eller heilt okay bøker. Nokre skil seg ut i den eine eller andre retninga. Nokre forfattarar skil seg ut.  Kanskje eg har kome fram til at Gert Nygårdshaug er ein av dei som skil seg mest ut for meg.  Heilt sidan Frode kom til å legge frå seg “Prost Gottvins geometri” på stovebordet ,og eg berre måtte lese den medan han og Jostein var på tur ,var eg solgt. No har eg lese alt ( som eg veit) han har gitt ut, og det er jamt over bøker eg gjerne les  igjen -og igjen.

No er eg igang med ” Fortellernes marked” og eg gler meg over kvar side. Akkurat ei slik passe mengd sanning blanda inn i fiksjonen at ein mest byrjar tru på det.   I boka  har bibliotekaren Gerbert Rodin ein diskusjon  om kva ein skal tru på med presten Petter Junker Kluck.  Bibliotekaren argumenterer slik :

” Da er vi igjen tilbake til sannsynlighetsbegrepet. For å dra et eksempel: Vitenskapen, astrofysikerene har slått fast at Jupiters atmosfære består av en stor del ammoniakk. En vellagret ost av typen Camembert kan også bestå av en betydelig mengd ammoniakk. Ut fra dette kan jeg velge å tro at Jupiters kjerne er en diger, vellagret camembert. Vitenskapen kan ikke i dag bevise at jeg tar feil i denne troen. Men sannsynligheten for at det er slik , er svært lav, nærmest minimal, vil jeg tippe. Derved blir troen min på at Jupiters kjerne er en camembert, tuftet på et minimum av sannsynlighet ”   ( side 261 , Fortellernes marked)

PUH! Om eg på nokon måte kunne argumentert slik ,skulle eg jammen meg ha diskutert ein del ting!  Boka, og dei andre bøkene, anbefalast på det varmaste!

Permalink 2 Comments

hm…..

February 7, 2009 at 6:31 pm (2009, februar)

TV2 kunne akkurat fortelje at det er kun 50 prosent av britane som trur på evolusjonsteorien til Darwin. Og ein norsk redaktør som sat i fullt alvor og sa på TV at han trur verden vart skapt på 7 dagar.  Ein vert litt skremd….

 Dagbladet  kan i dag  fortelje at paven har teke inn at Pius brødrene i den katolske kyrja. Dei har nettopp uttalt at jødeutryddinga i gasskammera under andre verdskrigen ikkje har skjedd. Ein vert litt skremd….

Hm.. det er vist ein del som er skremmande når ein tenkjer over det…Lurar på korleis verden hadde vore om ein kunne avskaffa alle religionar. Det set eg og lurar på ein laurdagskveld i Bukve.

Men slik ellers so har eg akkurat sete og ete god middag med dessert, og slappa av med barnetv !Det må ein sjå når  Arvid, Marte og Nils er med. Rett nok berre i små glimt, men kjensfolk på tv då , gitt 🙂

Permalink 5 Comments

Kveldshimmel

February 2, 2009 at 10:27 pm (2009, deilige dagar ..., februar)

Heile himmelen stod i brann søndags kvelden.  Det var pentpent!dsc_5098

 

dsc_5105

Permalink 3 Comments

Håp

February 1, 2009 at 4:15 pm (2009, deilige dagar ..., februar)

Eg var nedom i drivhuset i dag for å hente noko. Der så eg til mi store forundring at der står ting og VEKS! Det er midt på svartaste vinteren, snø, og isande kaldt når det ikkje er sol. Jordsekkane eg har liggande der inne er botnafrosne og det er is i botn av vasstønna mi som eg ikkje hadde tømt skikkeleg i haust. Men der står det altso ein stor flott salvie med masse nye blad som er vortne 4-5 cm lange. Den hadde eg avskrive i haust, kom berre ikkje so langt som ut i komposten 🙂 Det som er like forunderleg er ei nedklypt stokkrose i ei minipotte som eg let stå der av latskap. Den har fine friske nye skot…  Det er håp om vår i år og!  Det er bra, for skulle ein sett på maken, årets fyrste ladning frø kom vist i hus her sist veke ein gong 🙂

Permalink 2 Comments