Cruiseturisme eller…. ?

February 8, 2012 at 12:47 pm (Uncategorized)

http://www.vg.no/reise/artikkel.php?artid=10078006

noko å tenkje på..

Permalink Leave a Comment

God jul!!

December 24, 2011 at 11:00 am (2011, deilige dagar ..., Desember)

God jul til dikka alle saman.
Eg er som vanleg ikkje so heve med julekortskrivinga, men tek det på bloggen i staden 🙂
Det er stillt og roleg i Bukve. Jostein har henta tre og satt det på fot- eg har hengt på kulene og pynta.
Jostein er på veg ut på juleskituren med hundane etter å ha okka seg over gåveinnpakkinga ei stund. Eg skal ut på ein liten runde og levere litt julepakker.
So vert det pinnekjøt i kvar vår heim i kveld:-)
Resten av jula skal me vere i dalen og få med oss det som skjer her. Alltid kjekt med quiz og fest, eller ei god bok i sofakroken 🙂

Ei god og avslappande jul til alle!

Permalink Leave a Comment

Vinter?

November 19, 2011 at 10:30 am (Uncategorized) ()

Etter ein lang haust, gleda eg med til klinkis på breavatnet. Den var på god veg, men jammen meg vart det ikkje snø… ikkje mykje, berre 8-10 cm, men nok til at isen ikkjee r gåande på. Lika greit at det starta å regne .
Godt eg har nok å gjere inne, då 🙂

Permalink Leave a Comment

Snøkaos?

October 26, 2011 at 1:15 pm (2011, deilige dagar ..., Ferietur, oktober)

Dagbladet melde om snøkaos… ikkje det nei 🙂 🙂

Permalink Leave a Comment

SNØ

October 7, 2011 at 8:52 am (Uncategorized)

Hm.. fyrste snøen i dag. Noko tidlegare enn i fjor, då var det 22 oktober so vidt eg kan sjå.
Grave fram litt gulerøtter då- skal trur om stangselleriåkeren til Jostein er tapt…. 🙂

Permalink Leave a Comment

Det var ein gong ein deilig midddag..

August 22, 2011 at 4:48 pm (2011, august, deilige dagar ..., Hagen)

Grønsaker frå hagen..

Vart til pastasaus

Som eg åt attåt heimelaga pasta.
Litt pai med ferske bær frå hagen til dessert 🙂

Ellers… bondepønnepesto og graskarbrød.. og slikt noko 🙂

Permalink Leave a Comment

Dagen derpå…

July 29, 2011 at 7:22 am (2011, juli, NEI NEI NEI!!!)

… er det ikkje mykje att..

Permalink Leave a Comment

For ein kveld….

July 28, 2011 at 11:27 pm (2011, juli, NEI NEI NEI!!!)

Slik kan og ein kveld verte… Pulsen steig ganske kjapt når eg kika ut stoveglaset …








Permalink Leave a Comment

Kraftstasjonbesøk

July 1, 2011 at 12:02 pm (2011, deilige dagar ..., juni)

Sist gong eg var i kraftstasjon på Myklemyr var medan dei bygde, og me var på JSA-tur i 2CV`n til Lars gjennom mørke tunellar og inn i den store mørke hallen. I går inviterte Statkraft på omvisning for reiselivet i Luster, og Norgesguidane og Fimbul stillte sjølvsagt opp. Turist i eigen kommune er fint! Og kraftstasjon var noko heilt annna enn sist gang.
Heldige oss fekk servert jordbær frå Gaupne. Dei var gode dei!
Sa var det litt lysbilete og omvisning med forklaringar i krikar og krokar, opp og ned. Eg datt nok litt av lasset på dei matamatiske utrekningane, men moro lell 🙂 Og so går me omkring der og høyrer om kor mykje arbeid det var, kor lange tunellane er og kor mykje det kosta og slikt noko. So smiler Edvard og seier at ” Her er resultatet av alt arbeidet” og peikar på tre relativt små ledningar.Hm… Me fekk og sjå filmen om Jostedalsutbyggingi.
Moro å sjå var det, lurer på kvifor eg ikkje har teke turen før. Anbefaler i alle fall turen til alle jostedøler/Lustringar! Er ikkje berre for turistar, dette. Turen i krokane/opp og ned og jordbærserveringa var nok spesielt i går, men kvar dag frå mandag til fredag er det moglegheit til å sjå hallen og filmen og få ein god del forklaringar på kjøpet. Omvisninga er klokka 10:00,12:00 og 14:00 no i sommarsesongen til den nette sum av 20 kr 🙂

Men slik til slutt, enn so moro det er å sjå og få forklart det eksisterande anlegget, betyr det ikkje at ein meiner dei bør bygge eit nytt. Sjå www.vestsida-vigdøla.no Turre elvar er ikkje noko å trakte etter! Det er stor forskjell på korleis det vil sjå ut etter ei eventuell utbygging på vestsida av dalen i motsetning til den som har vore på austsida. Inntaka vert så mykje lågare at det kjem til å vise mykje meir!

Permalink Leave a Comment

Drivhustid :-)

June 25, 2011 at 9:22 pm (2011, deilige dagar ..., Hagen, juni)


Drivhuset mitt vart so alt for lite når eg hadde fyllt det med alt eg ville ha der. Planane om å bygge meg eit solid eit vart realitetssjekka, og vips vart ein plasttunell bestillt 😉 Posten leverte i tunet i dag, og ikkje lenge ettepå vart tunellen skikkeleg innvia.
Rammeverket på plass:

No står agurkane i tunellen med god plass rundt seg:

I drivhuset fekk tomatane og chilliane betre plass, dei vart og bunde opp so fint atte. No kan det vekse mykje meir 🙂

Permalink Leave a Comment

« Previous page · Next page »