Eg vert matt…….

September 17, 2007 at 12:52 pm (Uncategorized)

“Fryktar barnefamiliar vert skremde vekk” var overskrifta på framsida av Sogn Avis i dag.   “Jostedal Bygdelag er redd kommunen sin framgangsmåte for hussal kan skremme vekk barnefamiliar. Det er prosessen rundt salet av eit bustadhus på Gjerde som har fått bygdelaget til å reagere. Ikkje minst bruk av lukka bodrundar. – det ironiske er at kommunen ikkje har bruk for meir pengar, men heller fleire innbyggjarar med born, seier Oddmund Hoel i jostedalen  bygdelag.” Og inne i avisa: ” Me håpar på å få ein ny barnefamilie til bygda,og då trur me ikkje kommunen sine salgsmetodar er dei beste, seier leiar Anne Elgersma i bygdelaget”

Jepp, eg er heilt enig, det er ein rar måte å selge hus på, og det hadde vore mykje betre med opne bodrundar. MEN å seie at dei håpar på at det er ein barnefamilie som får kjøpt huset, det er litt av ein uttalelse å komme med frå eit bygdelag. Eg presiserer at eg ikkje har ei navneliste over alle som har bydd på huset, og at det er heilt  likegyldig for meg kven som får kjøpt det til slutt,men ein slik uttalelse gjer meg likevel heilt matt! FOR ei inkulderande bygd me har. Kva om det er ein eller anna pensjonist eller ein singel som no får tilslaget. Er ikkje dei like velkomne?

Og om ikkje det er gale nok uttaler Jarle Skartun at kommunen likevel vil vurdere å opne for ein ekstra bodrunde, men at det vert avgjort når dei har alle boda på bordet mandag. Jepp, eg veit det og står at alle tilbydarane vil bli informert om det, men dette blir meir som …tja, som kva eigentleg? Å forandre reglane etter at spelet er satt i gang er ikkje noko som er vanleg , det lærer ein allerede i barnehagen no til dags.

Men slik for min eigen del: kven det enn er som får kjøpt huset, med born eller ikkje, ung eller gamal: hjarteleg velkomen!

(og ja, sjølvsagt er dette satt litt på spissen. Sjølvsagt er det ikkje heeeeilt likegyldig for meg PERSONLEG kven som får kjøpt huset. Sjølvsagt håpar eg at det er nokon som EG tykkjer er hyggeleg( jada, gjerne ein barnefamile) som får kjøpt det, og at det er nokon som faktisk har tenkt å bruke det som får tilslaget. men lell……..)

8 Comments

  1. SB said,

    Ja, einig med Kjellrun. Gult kort og åtvaring til Jostedal Bygdelag. No må de skjerpe dykk og eg vonar i det lengste at det som de har uttalt i SA er er gjort i rein vanvare og ikkje som ei medvita haldning til evt. nye innbyggjarar i byggjefeltet på Gjerde. De er då ikkje valt av jostedølene for å drive apartheid i høve til kven som skal få lov til å busteje seg i bygda vår, eller? Tenk om det er ein einsleg, innvandra neger som får tilslaget på det aktuelle huset? Han bør då vere like velkomen som ein kvit familie med ein skokk av kvite ungar.

  2. oddmund said,

    Det viktigaste fyrst: same kven som blir eigar av kommunehuset på Gjerde, er dei like hjarteleg velkomne! Det har eg i dag og sagt til fleire involverte.
    Avisoppslaget i dag kom skeivt ut. Intensjonen frå bygdelaget har ikkje vore å seie noko om kven som bør få kjøpe huset. Her skil engasjementet til bygdelaget seg td. frå den gongen laget engasjerte seg svært aktivt for at Prestegarden skulle bli seld til Åne og Trine. Når bygdelaget skreiv eit brev til kommunen 7/9 og bad dei endra den uheldige salsprosessen før bodfristen, var det ut ifrå ei redsle for at prosessen kunne skremme bort folk frå å by og at han pressa opp prisen. At bydelaget arbeider for å få fleire unge i etableringsfasen til bygda, ikkje minst barnefamiliar, og snakkar ofte om det, kjem neppe som noka stor bombe på nokon og er vel neppe provoserande (me hadde td. eit heilt møte om det på kafeen i sommar). Det var bakgrunnen for at me nemnde at det særleg hadde vore dumt om barnefamiliar vart skremde bort. Det har gått meir eller mindre truverdige rykte om fleire interesserte barnefamiliar, og fleire andre, og poenget var på ingen måte å favorisere nokon spesielle. Men det er lett å sjå at avisoppslaget kunne tolkast slik, og det er sjølvsagt dumt, særleg for dei det gjeld. Me skulle vore meir presise og lukta at avisa kom til å tyne barnefamiliesitronen til det ytste. Det formannskapet vedtok onsdag, var at prosessen skal gå på den måten rådmannen har lagt opp til, og det har me slege oss til ro med. No er det sjølvsagt for seint å endre spelereglane.

  3. grok said,

    Trur nok fleire har reagert på avisoppslaget.
    Men kvifor skulle ein slik prosess skremme vekk barnefamiliar og ikkje td. ein
    einsleg som ville ha huset? Har barnefamiliane so dårleg råd att dei må
    få hus på billegsal? Som min mann seier : gje so det svir, so får ein nok tilslaget.
    Velkommen til bygda uansett kven du/de er som får tilslaget.

  4. TT said,

    Eg får slutte meg til dei andre. Eg skjønna aldri heilt logikken som gjekk på at denne måten å selje på ville vere “sterkt prisdrivande” som det står i brevet. Det er sikkert ein del å gjere både inni og utapå huset og også på tomten. Men dersom kjøparen legg til 300.000 vil vedkommande få eit flott hus til toppen 1.200.000 – tippar eg. Og det er det vel verdt å betale for eit “nytt” hus i Jostedalen? Dyrt er det i alle fall ikkje uansett korleis du vel å sjå på det.

  5. Ingar said,

    Eg skjønar heller ikkje heilt korleis bygdelaget tenkjer i denne saka, men har litt anna vinkling på mine synspunkt enn mange andre her.

    I Jostedalen er det ikkje akkurat heitt i bustadmarknaden, og kvart einaste sal er med på å setje “marknadsprisen” for husvere i Jostedalen. Dei siste eigedomssala i Jostedalen har etter mitt syn vore positive i så måte, og salsummane har vore på eit brukbart nivå.

    Mange, meg sjølv inkludert, meiner det er synd at ikkje endå fleire hus er til salgs eller til leige. Kva er beste medisinen for å få folk til å selje eller leige ut hus og gardsbruk? Jo, sjølvsagt at prisen ein kan oppnå med å gjere det er attraktiv.

    Det har og vorte hevda at dersom ein byggjer seg eit hus i Jostedalen, så er ein “dømd” til å bu her resten av livet, eller selje med tap. Også i dette perspektivet ville det vore svært positivt at huset på Gjerde blir seld til ein ok pris.

    Det beste Luster Kommune kan gjere for Jostedalen i denne saka er etter mitt syn å prøve å få so mykje som mogeleg for huset dei eig på Gjerde, slik alle andre som skal selje eigedom i Jostedalen også bør prøve på.

    Oddmund skriv at brevet vart sendt: “…ut ifrå ei redsle for at prosessen kunne skremme bort folk frå å by og at han pressa opp prisen”.

    At prosessen er egna til å skremme bort kjøparar kan vere, men då er kjøparane i beste fall lettskremde. At ein lukka bodrunde skal presse opp prisen har eg lite tru på, men dersom det er tilfelle kunne vel ikkje noko vore betre for Jostedalen enn akkurat det? Eg var sjølv på det møtet Jostedal Bygdelag arrangerte i sommar som Oddmund her viser til, og sa i det møtet mykje av det som eg skriv i dette innlegget. Jostedal Bygdelag bør soleis ikkje vere ukjende med at det er ulike meiningar om kva som best for utviklingen i bygdi.

    Til den/dei som får tilslaget på huset på Gjerde:
    Gratulerer med nytt hus, og velkommen til den finaste bygdi i verdens beste land!

  6. Morten Simonsen said,

    Det er ikkje kvar dag eg er samd med ein Høgre-mann i at marknadskreftene styrer best. Men i dette høvet meiner eg Ingar seier mykje riktig. Eg har berre eitt atterhald: Kommunen bør syte for buplikt, dei som kjøper huset bør bu der. Elles er det best å la marknaden styre og gjere prosessen så open som mogleg. Då vil alle bydarar ha same høve til å få kjøpe huset – ungar eller ikkje. Sjølvsagt vil den kjøparen som har mest pengar få det, og er det ein homofil, muslimsk neger så er det berre flott! Dei har vel kanskje ikkje må mykje ungar, men velkomne skal dei vere.

    Det er rett at Bygdalaget engasjerte seg for at ein sæskilt kjøper skulle få Prestgarden. Så vidt eg kan hugse var det berre ein bydar. Dermed meiner eg vel at den saka var litt ulik denne. Men ein bør vere varsam i slike saker. Eg ser som mi rolle som politikar å syte for at prosessen vert best mogleg. Utfallet meiner eg ikkje noko om som politikar, sett bort i frå buplikta. Og i denne saka er marknaden den beste prosessen.

    Eg trur pinadø eg er samd med ein Venstremann òg. Hurra. I kveld vert det tur på kafeen! Ein siste kommentar: TT, er det ditta du driv med kl 8 om morgonen?

  7. TT said,

    Eg tenkte ein drammensar og høgskulelektor greidde å halde styr på am og pm. Kven har forresten kjøpt huset?

  8. TT said,

    Når det gjeld klokke so ser det ut for at klokka på denne bloggen er to timar for sein. Det var det eg skjønte at Simonsen ikkje var oppe so tidleg på ein laurdag.

Leave a comment