Drivhustid :-)

June 25, 2011 at 9:22 pm (2011, deilige dagar ..., Hagen, juni)


Drivhuset mitt vart so alt for lite når eg hadde fyllt det med alt eg ville ha der. Planane om å bygge meg eit solid eit vart realitetssjekka, og vips vart ein plasttunell bestillt 😉 Posten leverte i tunet i dag, og ikkje lenge ettepå vart tunellen skikkeleg innvia.
Rammeverket på plass:

No står agurkane i tunellen med god plass rundt seg:

I drivhuset fekk tomatane og chilliane betre plass, dei vart og bunde opp so fint atte. No kan det vekse mykje meir 🙂

Leave a comment