Eg har lese Sogn Avis att eg……

September 26, 2007 at 9:33 am (deilige dagar ..., NEI NEI NEI!!!, Uncategorized)

Og funne meir å irritere meg over, sjølvsagt. Eg har no slikt å gjere på:-)

Jostedalen skal bli Nasjonalparklandsby!!! Det er heilt sant, for det stod i avisa, og DET er bra etter mi oppfatning. For eg reknar med at det føl positive ting med den tittelen. Kanskje litt pengar til å drive bygdeutvikling, og ikkje minst er det god reklame for både Nasjonalparkkommunen Luster og Jostedalen som gjerne vil lokke folk til å busetje seg her og ikkje minst for å få turistane til å komme i hopetall. Og det høver i alle tilfelle godt for Jostedalen å bli nasjonalparklandsby, eller bygd, slik den vil bli omkransa av nasjonalparkane. MEN inne i same avisa står det og at det skal komme ei stor ny utbygging på vestsida.Og Vigdøla.  HALLO!!! er det nokon der ute som kan forstå dette??!! Den flotte dalen vår mellom nasjonalparkane omkransa av turrlagte elver….Hjarteleg velkommen til å nyte den fantastisk flotte naturen vår, med fjell og fossar som kastar seg utfor……   I sommar les eg i ei tysk guidebok nokon turistar viste meg ,at ein burde ta seg til til å stoppe og nyte nokon av dei vakre fossane som rann som perlehalsband nedetter fjellsidene…………. Dei spurde spesiellt etter Geisdalsfossen som det var eit flott bilete av. Eg måtte berre seie som sant var, at der gjekk mesteparten av vatnet i røyr,og ba dei ta turen til sørsida for å fjå på Feigumfossen i staden for. (ja, dette var vel og merke i juni, men ein slik sommar som i år drøymer vel berre dei som skal tjene mest mogleg peng på vatnet om.) De forstår ikkje verdien av kva de har her, sa turistane til meg, og eg måtte vere heilt enig.

Eg har ein gong høyrt at om ein skiftar ut det gamle ledningsnettet rundt om i Noreg, som slepper mykje av straumen rett ut i lufta, kunne ein ha spart seg ei heil Jostedalsutbygging. Eg undrer meg på om dette stemmer, for i so tilfelle finst det ingen grunn til å øydelegge meir natur. Veit nokon kvar ein kan finne tal på dette?  Og kva kjem Jostedalen til å tjene på denne utbygginga i reine pengar? Er det nok til å ville gjere meir uboteleg skade, for ei utbygging kan ikkje gjerast om att om nokre år om nokon skulle angre. Og Luster kommune… treng me eigenteleg meir peng til å bygge enno ein ny skule ti minutt frå den andre nybygde?  Ja eg er ikkje eigenteleg missfornøygd med skulebygginga, men det viser kor mykje peng Luster kommune eigenteleg har….  Og arbeidsplassar, vil det verte nokon i det heile for lokale folk? For anleggsarbeide kjem vel ikkje til å vare mange månadane….

ja, ja. det var dagens frustrasjon. Og ellers gledar eg meg over at sola skin i dag, og at den skal gjere det eit par dagar til. Det var heilt merkeleg å vakne idag til solstrålar i staden for hamring på taket.

Permalink 39 Comments

Eg vert matt…….

September 17, 2007 at 12:52 pm (Uncategorized)

“Fryktar barnefamiliar vert skremde vekk” var overskrifta på framsida av Sogn Avis i dag.   “Jostedal Bygdelag er redd kommunen sin framgangsmåte for hussal kan skremme vekk barnefamiliar. Det er prosessen rundt salet av eit bustadhus på Gjerde som har fått bygdelaget til å reagere. Ikkje minst bruk av lukka bodrundar. – det ironiske er at kommunen ikkje har bruk for meir pengar, men heller fleire innbyggjarar med born, seier Oddmund Hoel i jostedalen  bygdelag.” Og inne i avisa: ” Me håpar på å få ein ny barnefamilie til bygda,og då trur me ikkje kommunen sine salgsmetodar er dei beste, seier leiar Anne Elgersma i bygdelaget”

Jepp, eg er heilt enig, det er ein rar måte å selge hus på, og det hadde vore mykje betre med opne bodrundar. MEN å seie at dei håpar på at det er ein barnefamilie som får kjøpt huset, det er litt av ein uttalelse å komme med frå eit bygdelag. Eg presiserer at eg ikkje har ei navneliste over alle som har bydd på huset, og at det er heilt  likegyldig for meg kven som får kjøpt det til slutt,men ein slik uttalelse gjer meg likevel heilt matt! FOR ei inkulderande bygd me har. Kva om det er ein eller anna pensjonist eller ein singel som no får tilslaget. Er ikkje dei like velkomne?

Og om ikkje det er gale nok uttaler Jarle Skartun at kommunen likevel vil vurdere å opne for ein ekstra bodrunde, men at det vert avgjort når dei har alle boda på bordet mandag. Jepp, eg veit det og står at alle tilbydarane vil bli informert om det, men dette blir meir som …tja, som kva eigentleg? Å forandre reglane etter at spelet er satt i gang er ikkje noko som er vanleg , det lærer ein allerede i barnehagen no til dags.

Men slik for min eigen del: kven det enn er som får kjøpt huset, med born eller ikkje, ung eller gamal: hjarteleg velkomen!

(og ja, sjølvsagt er dette satt litt på spissen. Sjølvsagt er det ikkje heeeeilt likegyldig for meg PERSONLEG kven som får kjøpt huset. Sjølvsagt håpar eg at det er nokon som EG tykkjer er hyggeleg( jada, gjerne ein barnefamile) som får kjøpt det, og at det er nokon som faktisk har tenkt å bruke det som får tilslaget. men lell……..)

Permalink 8 Comments

Og vinteren kom……

September 17, 2007 at 12:21 pm (deilige dagar ..., Uncategorized)

3-sept-07-058.jpg3-sept-07-059.jpg3-sept-07-064.jpg  16 sepember  er etter min oppfatning litt vel tidleg med snø. Det såg det ut som kjyrne hass Lidvin tykte og!3-sept-07-057.jpgKva er det foresten med ferjene i Nordfjord? Likar dei meg ikkje? er hjula på bilen ikkje reine nok for dekket på ferja? Har eg sagt noko gale? Noko er det i alle fall, for dei har det med å stikke av so fort dei ser meg….3-sept-07-047.jpg Men eg får i alle fall tid nok til å nyte utsikta frå diverse ferjekaiar rundt om….

Permalink Leave a Comment

Valg…..

September 11, 2007 at 2:33 pm (deilige dagar ...)

I går var me i samfunnhuset hjå han Anders, han Bjarne og ho Elbjørg og gjorde vår borgarplikt. I dag har me venta i spaning på resultata, og no når dei endeleg kom kan ein gratulere: Jon Berget, Laila Gjerde, Arne Bjørk og Morten Simonsen med plass i kommuestyret. Er det lov å tilføye at dei to øvste på venste-lista godt kan få urrande lite ilt akkurat ytste på vitlefingeren, for Steinar Bruheim og Vidar Aasen står på fyrste og andre vara……   For resultat sjå linken: http://www.luster.kommune.no/sogn/luster/lusterk.nsf/5ad33317a6a3e6e6c125693b003310a3/3bfc5d982e45c012c1257352004d477d/$FILE/Kandidatk%C3%A5ringa%20valet%202007.doc  

Permalink Leave a Comment

3 september..snø på toppane og endå lengre ned..

September 3, 2007 at 11:58 am (deilige dagar ..., Uncategorized)

3-sept-07-018.jpg3-sept-07-001.jpgDet var eit mistrøstigt syn som møtte ei som ikkje er altfor glad i vinteren i dag. Snø ned til 500 meter er ikkje noko ein vert so oppmuntra av 3 september.No lengra utpå dagen er det ganske kaldt og guffe her, med striregn her nede og snøkavane som går i fjellet. Webkamera til Turtagrø  viser snø der oppe.  http://www.turtagro.no/cat_page.asp?cat=28&PageType=M&documentID=2973-sept-07-013.jpgMen i hagen veks og veks det….sjølv med to grader om natta spirer og gror det som alder før. Drivhuset har fått 200 watt frostsikringsovn hjå han Jostein, og berre det kjem ein soldag snart so vert nok resten av tomatane raude. Chilli og3-sept-07-005.jpg 3-sept-07-009.jpgpaprika veks so det susar, men kanskje nokon av dei skal få flytte inn i glaskarmen slik for sikkerheitsskuld.. 3-sept-07-004.jpgEi pakke med sukkerertfrø vart kjøpt inn på gartneriet i Sogndal i vår. Eg har venta og venta på at det skal bli store sprøe ertrabelga på meg, men neidå trur de ikkje at det kom ertrablomster i staden før. Dei er fine dei altso, men ikkje i grønsakåkkeren!! 

Permalink 4 Comments

Aurlandsdalen.

September 1, 2007 at 10:51 am (deilige dagar ..., Uncategorized)

sumargilde-lite-kamera-og-aurlandsdalen-07-034.jpgTorsdag gjekk me ned vakre Aurlandsdalen. sumargilde-lite-kamera-og-aurlandsdalen-07-029.jpgVitlehelvete. Sinjarheimsumargilde-lite-kamera-og-aurlandsdalen-07-046.jpg. Huset under steinensumargilde-lite-kamera-og-aurlandsdalen-07-049.jpg. Bratt utføre tykte han Jølle;-)sumargilde-lite-kamera-og-aurlandsdalen-07-026.jpg

Permalink Leave a Comment